Barn i familiar med dårleg råd har færre venner og trivest dårlegare på skolen, viser ein fersk studie. 

NPK-NTB
NPK-NTB

Ti prosent av barn med låg sosial status seier dei mistrivst på skolen. Det kjem fram i ein ny studie, melder NRK.

Forskar Tormod Bøe, har undersøkt barnefattigdom i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden kommunar. I studien er det analysert svar frå over 1.100 5. til 10.-klassingar og 1.300 foreldre.

– Enkelte svarer at dei ikkje har råd til middag kvar dag, eller at dei ikkje går i bursdagsbesøk fordi dei ikkje har råd til gåver, seier Bøe, som jobbar ved regionalt kunnskapssenter for barn og unge ved Uni Research Helse.

I undersøkinga kjem det også fram at kvart sjette barn i fattige familiar ikkje har ein bestevenn.

– Vi ser at det er ein sosial skilnad på om ein inviterer venner med seg heim, eller om ein føretrekkjer å gå på besøk til andre. Det kan ein tolke som at nokre barn ikkje ønsker å ha folk heim til seg, fordi dei føler at huset ikkje er fint nok eller fjernsynet ikkje er stort nok, seier Bøe.

– I eit land som Noreg der mange har god økonomi, er det ekstra vanskeleg å ha dårleg råd. Det kan fort gi ei kjensle av skam, seier han.

I studien er fattigdomsgrensa definert som at familien har under 60 prosent av det som er den vanlegaste familieinntekta i Noreg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

ANNONSE