Meir investeringsmidlar til unge bønder

– Viktig for rekruttering til landbruket, seier landbruks- og matministeren.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor gjekk 29 prosent av investeringstilskota til personlege støttemottakarar frå Innovasjon Noreg til personar under 35 år. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2015, og ein markant auke frå 2010/11, då 19 prosent av tilskota gjekk til denne aldersgruppa.

– Investeringsverkemidlane er viktig for rekruttering til landbruket, både fordi unge investerer i større grad enn eldre og delvis fordi mange eldre som investerer gjer dette for å legge til rette for neste generasjon. Næringsutøvarar under 35 år er difor særskilt prioritert i delar av regelverket. I jordbruksmeldinga er dette foreslått forsterka, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Gjennom jordbruksavtala blir det løyvd tilskotsmidlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I 2017 er det avsett 574,5 millionar kroner til formålet. Innovasjon Noreg sin rapport for 2016 viser at det er stor etterspurnad etter midlane.

Totalt vart det innvilga i overkant av 544,4 millionar kroner i støtte fordelt på 1.242 søknader. Investeringsverkemidlane skal både leggje til rette for modernisering og effektivisering i det tradisjonelle landbruket og for auka sysselsetting innan andre landbruksbaserte næringar.

84 prosent av pengane gjekk til investeringar i tradisjonelt landbruk, der investeringsprosjekt innan mjølk- og storfeproduksjon dominerer.

Ingve Berntsen frå Hå på Jæren er Årets unge bonde 2016