Selskapet Framtidsfylket har fått inn 1.000 søknader til årets 27 traineestillingar.

NPK
NPK

Fylket: I søkjarmassen er cirka 30 prosent frå Sogn og Fjordane, medan 70 prosent kjem frå resten av landet.

– Vi har hatt svært stor pågang frå heile landet. Traineeordninga går no inn i sitt 14. år og er godt kjent blant dei unge. Når vi møter nyutdanna på karrieremessene, veit dei allereie om traineeordninga, og det er ofte hovudgrunnen til at dei kjem, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket, på selskapet si eiga nettside.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering. Hovudmålsetjinga til selskapet er vekst og verdiskaping for Sogn og Fjordane gjennom tilgang på kompetent arbeidskraft. Framtidsfylket er eigd av 36 verksemder frå både offentleg og privat sektor.

I år søkte 23 traineebedrifter etter totalt 27 traineear. Eit tydeleg trekk er at bedriftene som søkte etter ingeniørar, har fått klart flest søkjarar. Rukan meiner at ein usikker jobbmarknad er medverkande til det høge søkjartalet.

– Folk fortel om ein svært pressa jobbmarknad – spesielt for nyutdanna. Det gjer at dei må tenkje nytt og vere meir fleksible når dei søkjer jobb. Då skal Sogn og Fjordane vere klare til å vise dei kva fylket har å by på, fortel Rukan.

Til dømes var det så mange som 143 personar ønskjer seg jobb i kraftselskapet Sogn og Fjordane Energi, som i årets utlysing søkte breitt innanfor fleire fagfelt. Fjord1 hadde 102 søkjarar, medan Sunnfjord Energi, Westcon og Coast Seafood alle hadde over 70 søkjarar til sine stillingar. Mediebruket i Førde er med som traineebedrift for første gong, og fekk 21 søkjarar til si traineestilling.

No skal verksemdene i gang med søkjarprosessen og finne kandidatane sine.

(©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE