Kjempar mot dragar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Studvest.

– Eg vil sei at rollespel har samme dragninga som bøker og filmar, men i rollespel har ein friheita til å fordjupe seg i akkurat det som interesserar ein mest, seier student Rafael Sørvik.

I rollespel har kvar spelar ein eigen karakter som dei sjølv har utvikla. Deltakarane spelar som desse karakterane i ei forhandsbestemt setting, der utviklinga av historia blir bestemt av vala kvar enkelt tek. Utfallet av desse vala blir vanlegvis bestemt av spesielle terningar.

Kan vare i årevis

Nokre typar rollespel kan bli veldig kompliserte, meiner Joachim Hjelvik ved Outland Bergen, som fortel at ein i rollespel har «character sheets» der ein skriv ned informasjon om karakteren som går på intelligens, styrke, sjarm og liknande. Men enkelte rollespel går langt utover desse.

– I vanlege rollespel har du kanskje to-tre «character sheets» å forhalde deg til. I «F.A.T.A.L.» har du 12. Der har du alt fra kor bra syn ein har, kor sterk ein er, kor lang penis ein har og kor store føtene er. Alle sånne små idiotiske stats som du ikkje treng ein gong.

Dungeons & Dragons (D&D) kom først på 70-talet, men dei siste åra har rollespel vakt større interesse. På Outland i Bergen har dei merka større interesse etter at dei sjølv har tatt initiativ til å introdusere rollespel for folk.

– Det var D&D som starta den skikkeleg store bølga med rollespel, og det er den som er forfaren til alle andre typar rollespel, seier Hjelvik.

Han fortel at det finst fleire typar rollespel,  blant anna Live Action Role Playing (LARP), der ein kler seg ut og går ut og spelar.

Eg trur det er fint for mange å ha ein hobby som ikkje det ikkje er konkurranse i, no som det er mykje jag. Det blir litt meir laidback.

Audun Maatje

– Men tradisjonelt sett er det rollespel der du har penn, papir, terningar og regelbok og ein sitt rundt kjøkkenbordet og kosar seg, seier han.

På Outland har dei eit månadleg event kalla D&D Adventurers League, der dei siktar seg mot nybegynnarar.

REGELBOK. Studentenes spillforening har kjøpt inn fleire bøker om rollespel. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

– Det gir ein smakebit på korleis det er å rollespele. Me har lyst å introdusere nybegynnarar til rollespel og då får dei gjerne litt meirsmak og dei får lyst å prøve andre system i tillegg.

Ifølge Hjelvik kan rollespel foregå i fleire år. Han fortel at han har vore borti spel som har vart i nesten ti år.

– Du har folk som gjerne er veldig flinke til å lage ein lang, stor story art med masse eventyr innimellom, men du har gjerne eit mål om at heltane skal komme seg ein plass, og så tar det ti år før dei kjem dit.

Får ut kreativitet

Studentenes Spillforening møtes ein gong i veka for å spele brettspel, kortspel og rollespel. Spillforeningen pleier å ha mellom 50 og 80 medlemmar, med eit oppmøte på mellom 20 og 30 på møtene. Leiar Audun Maatje meiner at rollespel skil seg litt ut frå andre hobbyar ved at det ikkje har noko konkurransepreg.

– Eg trur det er fint for mange å ein hobby som ikkje det ikkje er konkurranse i, no som det er mykje jag. Det blir litt meir laidback. 

Han meiner at det viktigaste med rollespel er å byggje ein karakter og leve seg inn i den.

– Det er jo morro. Og så er det ein veldig fin måte å få ut kreativitet på. Det er spennande å prøve å late som ein er nokon andre og sjå korleis ein klarar å gjere val ein in real life aldri ville gjort, seier Maatje.

Maatje fortel at SSF ikkje spelte så mykje rollespel før for halvanna år sidan, då dei kjøpte inn ein del bøker om rollespel. Sidan har interessa for rollespel vore stødig i gruppa. No har dei to grupper som held på med rollespel, der ei av dei spelar D&D og ei spelar eit postapokalyptisk overlevelsesspel satt i Bergen.

Svolten på fantasy

Rafael Sørvik er ein av medlemmane i SSF som spelar D&D. Han og spelekameratane er no tre månader inni spelet, og trur det vil halde på ei god stund til.

Han fortel at det hjelp at dei hjelp kvarandre med å hugse på kva som har skjedd i spelet, men at det ikkje er det viktigaste.

– Nokon grupper skriv ned kva som skjer i bokform, men me gjer ikkje det. Me spelar berre for moro skyld.

Sørvik fortel at han har spelt rollespel i omlag tjue år no.

– Eg var svolten på fantasy. Eg las Tolkien, og så kom D&D min veg, og det blei vegen inn for meg. Sidan har eg spelt, seier han.