Retten til sjølvbestemt abort, Putins nye lov og likeløn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

8 grunnar til å gå i tog

1. Retten til sjølvbestemt abort

Noko av det første Donald Trump gjorde som president var å stryke den offentlege støtta til International Planned Parenthood og andre organisasjonar som informerer om abort.

Ifølgje Planned Parenthood sine eigne nettsider er berre 3 prosent av verksemda direkte knytt til abort. Heile 80 prosent av arbeidet er for å forhindra uønskte graviditetar, samt gjennomføre  brystundersøkingar og testar for seksuelt overførbare infeksjonar. Dei bidreg rett og slett til betre seksuell helse for millionar av amerikanarar årleg.

Og USA er ikkje det einaste landet der retten til sjølvbestemt abort er truga. I fjor foreslo polske myndigheiter å totalforby abort. Forslaget førte til massive protestar og vart difor skrota.

Kring ein fjerdedel av verdas befolkning bur i land med strenge abortlover og seks land har totalforbod mot abort. Desse er Vatikanstaten, Malta, Den dominikanske republikk,  El Salvador, Nicaragua og Chile. I desse landa risikerer kvinner å bli dømt for drap dersom dei spontanaborterer(!). Den gode nyheita er at Chile er på veg til å mjuka opp dei strenge abortlovene sine.


Amnesty International har engasjert seg i fleire enkeltsaker der kvinner vert straffeforfølgde etter abort. Foto: Amnesty International

2. Russland reduserer straffenivået for vald i heimen

I februar vedtok russiske myndigheiter å senka straffa for vald i heimen. Tidlegare risikerte ein person som slo partnaren eller borna sine to års fengsel. Straffa er no redusert til berre 15 dagar fengsel, så lenge det ikkje skjer meir ein gong årleg og ikkje resulterer i beinbrot.  

Vald i heimen er eit stort problem verda over og seinast førre veke gav Stavanger tingrett ein mann lågare straff fordi han banka opp kona etter å ha funne ut at ho var utro.

3. Kjønnslemlesting

200 millionar kvinner og jenter har vorte utsett for kjønnslemlesting. Halvparten av desse bur i Egypt, Indonesia og Etiopia. Dei fleste jenter som vert kjønnslemlesta vert utsatt for inngrepet før dei er fem år. På grunn av befolkningsvekst har tala auka sidan førre UNICEF-rapport i 2014, men det er positive tendensar å spore. I aldersgruppa 15-19 år er det no færre som er kjønnslemlesta. Fleire land har lagt ned forbod mot praksisen og det ser ut til at kunnskapane og haldningane er på veg til å betra seg.

Men dette er framleis eit omfattande problem som går på helsa og livet laus for jenter verda over – og her heime. 

Changing parents' views on Female Genital Mutilation/Cutting (FGM/C)
«Ester» frå Burkina Faso var åtte år under inngrepet, som mora forklarar var naudsynt for at ho skulle bli gift. No har landsbyen deira lagt ned forbod mot omskjæring. Foto: Jessica Lea/DFID

4. Barneekteskap

Kvart år vert 15 millionar gifta bort før dei fyller 18 år. Barneekteskap finn stad i alle deler av verda, men er først og fremst eit problem i fattige land. Ein reknar med at éi av tre jenter i utviklingsland vil bli gifta bort før dei er 18 år. Resultatet er at mange vert utsett for systematiske overgrep, at dei vert gravide i ung alder og at dei mistar retten til utdanning.

5. 61 millionar jenter får ikkje skulegang

På verdsbasis er det 61 millionar jenter i barneskulealder som ikkje går på skule, ifølgje UNESCO. Dette er eit problem blant både jenter og gutar, men sjansen for at jenter vert teke ut av skulen er større enn for gutane. Dette kan vere av økonomiske årsaker eller at jenta vert gifta bort i ung alder. Resultatet er at to tredelar av verdas analfabetar er kvinner.


Fredsprisvinnar Malala Yousafzai har engasjert seg sterkt i kampen for jenters skulegang. Foto: Russell Watkins/DFID

6. Likelønn

Fordi heiltidstilsette kvinner i snitt tener 87,5 prosent av det ein mann tener. Norske kvinner tener i snitt nesten 200 000 kroner mindre enn menn, dei jobbar meir deltid og har berre ein tredel av leiarstillingane.

Og denne veka kom ein polsk politikar med denne grunngjevinga for kvifor kvinner bør tene mindre:

7. Sjølv om du er mann kan du gå i tog. Ver ein stolt feminist, slik som han her:

8. Det er bra for helsa. Kom deg ut, marsjer og rop litt medan du får inn den daglege dosen frisk luft!