For dette paret går skulevegen gjennom lufta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjærasteparet flyr til skulen

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Sogndal: Når vi treff Sarah Wisniewski er det ikkje lenge sidan ho landa på gamle Kvåle stadion, eit godt steinkast unna studiestaden. Frå ho går ut døra heime til ho trakkar inn svingdøra på Høgskulen tek det omlag tre kvarter. 

– Det er ikkje den raskaste måten å komme seg til skulen, men det er den finaste, seier Wisniewski.

Her kan du sjå korleis det er å fly over Sogndal. Starten er på Åberge, omlag 460 meter over havet, medan landinga er på Kvåle stadion.


Video: Sarah Wisniewski, redigering: Halvor Farsund Storvik.

Svenske Wisniewski  flytta til Sogndal fordi kjærasten studerte der. Når dei skulle finne ein stad å bu saman var høgdemeter eit viktig kriterium. Til slutt fann dei eit hus til leige på Åberge, fire hundre meter over Sogndal sentrum.

– Det var perfekt, for det er ein startplass berre femten minutt frå der vi bur. Det var som å trekke gull-loddet, det kunne ikkje bli betre. No gjer vi alt for å behalde det huset så lenge vi blir her, seier ho.

Flyr gjer ho så ofte det er fint vêr. Miljøet er lite, no håpar Wisniewski at fleire kastar seg på.

– Eg ønskjer veldig at fleire skal få oppdage denne sporten og at vi blir fleire i klubben. Då blir det mykje lettare å organisere ting og søke om midlar til å utbetre startplassar. Men først og fremst er det gøy når vi er ein gjeng som kan flyge saman, seier ho.