Sju tips til Mammut-salet

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets Mammutsal går av snabelen – orsak, stabelen – i bokhandlar over heile landet frå måndag 6. til laurdag 18. mars. Om du er glad i bøker, har du sjansen til å gjere nokre skikkelege kupp, med rabattar på opp til 85 prosent.

Her finn du våre beste tips frå salslista!

 

1. Innsirkling og Innsirkling 3, Carl Frode Tiller

Viss du ikkje har kome deg gjennom Tillers meisterlege romantrilogi før, er dette eit ypparleg høve til å ta fatt. Innsirklingbyrjar med ei avisannonse som fortel at David har mista hugsen, og bed folk som kjenner han om å skriva brev for å hjelpa han med å få minna tilbake.

I dei tre bøkene møter me i alt åtte svært ulike personar som skriv brev til David. Dei sirklar inn både eit menneske og eit land si historie. I siste bind møter me dessutan David sjølv, og historia får ei sterk og overraskande avslutning.

Den første boka er på sal som e-bok, den tredje i hardperm (men ikkje fall for freistinga til å hoppa over boka som kjem imellom!).

 

2. Personar du kanskje kjenner, Synnøve Macody Lund

Skodespelaren, journalisten, modellen og forfattaren frå Stord hausta velfortent gode kritikkar for debutromanen sin i 2015. I Personar du kanskje kjennerblir historiene til ulike personar fletta saman, inkludert forfattaren sjølv. Vanskane med å skapa og oppretthalda relasjonar til partneren, familien og seg sjølv er ein raud tråd, og Macody Lund leikar med språk og forteljarteknikk på overtydande vis.

 

3. Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet, Elena Ferrante

Det er aldri for seint å kasta seg over bøkene som har gitt heile verda Ferrante-feber! Heile verda lurar kven den italienske forfattaren bak pseudonymet Elena Ferrante verkeleg er og kanskje er ho allereie avslørt, men det er mindre viktig.

Bøkene er ei fengjande oppvekstskildring sett gjennom auga til napolitanske Elena Greco. Sentral i forteljinga er hennar kompliserte forhold til bestevenninna Lila, som me får vite har forsvunne utan eit spor. Dei to veks opp i etterkrigstidas Italia, eit samfunn der både tradisjonelle kjønnsroller er i endring, klasseskilja er på veg til å endrast og politisk splid ofte endar i blodig vald.

Begge bøkene er på sal både som papirbok og E-bok.

 

4. Alice A4, Inger Bråtveit

Både tittelen og fleire av bileta i boka viser direkte til klassikaren Alice i Eventyrland, men eventyret tek ei mørk vending for Alice. Forfattaren sjølv skildrar romanen som ei Lolita-forteljing sett frå den unge jenta sitt perspektiv.

Tenåringsjenta Alice ynskjer seg langt vekk frå livet ho lever og finn flukt i ein eldre mann med bil. Språket er rikt og vilt og sender lesaren inn i den same karusellen som hovudpersonen opplever.

 

5. Fugletribunalet, Agnes Ravatn

Ei stor forteljing om å starte på nytt. Boka handlar om Allis som forlêt familien og storbyen for å vere hushjelp for Sigurd, langt ute i skogen. Gripande forteljing om løyndomane som skjuler skuld og skam.

Som du kan lesa på Framtida.no, har Fugletribunaletnyleg blitt omsett til engelsk og lese høgt på BBC Radio. Boka har frå før blitt teater, og skal no bli film.

Du finn også fleire bøker av Agnes Ravatn på sal som e-bøker.

 

6. Songar, Jon Fosse

Som tittelen tilseier: Dikta i Songarer skrivne for å syngjast. Dei er også veldig fine å lesa. Tekstane viser ei anna og lettare side av Fosse enn dei me møter i mange av skodespela og romanane hans, ofte med rim og rytme.

Samstundes er forfattaren til å kjenna att: Songane handlar om dei store temaa han alltid balar med, som kjærleik, sorg, lengt, uro. Fosse sitt litterære kjennemerke, gjentakinga, har dessutan ein heilt naturleg plass i songtekstar.

Du finn også meir av Fosse på Mammutsalet, mellom anna den prisløna Trilogien som e-bok.

 

7. Gjestebodet, Platon (omsett av Eirik Vandvik)

Her finn du både den første kjende skildringa av Orfeus og Evrydike-myten og opphavet til uttrykket “platonisk kjærleik”. IGjestebodet, også kjent som Symposion eller Drikkegildet i Aten, blir me vitne til eit slags nachspiel der gjestene finn på å konkurrera om kven som kan halda den beste talen til ære for kjærleiksguden Eros.

Talarane blandar høgt og lågt, og flettar inn alt frå analysar av homoseksualitet i ulike greske bysamfunn og absurde myter om skapinga av mennesket til høgstemt romantikk og luftig filosofi.

Dette er Platon på sitt mest leikne, litterære og leseverdige. Ein 2.400 år gamal filosofisk dialog er ikkje noko for alle, men Gjestebodetser i alle fall imponerande ut i bokhylla.

 

God lesing!