Jente (16) tiltalt for å ha spreidd sex-video
16-åringen er tiltalt for å ha seksualisert barn på video.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje NRK skal den unge jenta ha filma to 17-åringar som hadde sex på ein fest i Vestfold i desember i fjor. Etter dette har ho sendt videoen til fleire andre på Snapchat.
Sidan begge som blei filma er under 18 år, er jenta tiltalt for å ha laga barneporno.
16-åringen er òg tiltalt for å ha krenkt personane ho filma.
– Konsekvensane for dei fornærma kan bli veldig store. Når bilde eller filmar først er spreidd, er dei i praksis umoglege å få bort, seier politiadvokat Torunn Hallenstvedt Siqveland til NRK.no.
Ho seier politiet ser svært alvorleg på saka. Ifølgje henne er fengsel på vilkår det vanlegaste i slike saker. Det vil seia at ein slepp å sona i fengsel viss ein ikkje har gjort noko straffbart dei neste to åra.