Lagar du den beste skrekkfilmen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no, Medium og kommunikasjon ved Stord vidaregåande og Stord skrekkfilmfestival inviterer til filmkonkurranse for ungdom under 19 år.

Det er første gong festivalen blir arrangert på Stord frå 19.-22.april.

To dagar før noregspremieren på hans eigen skrekkfilm, «LYST», er Severin Eskeland med i det profesjonelle dommarpanelet som kårar vinnaren av filmkonkurransen for ungdom over heile landet.

Dommarane vil sjå etter:
• Den gode, skumle historia
• Kamerabruk
• Klipperytme

Lengde: Opp til 8 minuttar.
Format: 1920 X 1080 (H.264 eller MP4).
Frist for innsending til konkurransen: 13.april.

Sjå meir om konkurransen på Facebook-sida til Stord Filmklubb.

Medan du ventar: Prøv deg på skrekkfilm-quizen vår her!