– Alexa, synest du eg er fin?

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 18:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alexa, play «Under my Thumb» by the Rolling Stones from Spotify.

Det blå LED-lyset til Alexa gjer ein liten piruett. Straks slår trommisen takta, bandet speler opp og Mick Jagger byrjar å syngja. Alexa forstod meg! Og ho lyda!

Det kravde nokre forsøk. Då eg først berre sa «Alexa, play Rolling Stones», forklarte ho tolmodig at eigaren ikkje har Rolling Stones i musikkbiblioteket sitt, og reklamerte for eit abonnement på musikkstrøymetenesta Amazon Prime.

Slikt må ein nesten berre vente seg av ein talestyrt assistent utvikla av verdas største nettbutikk. Amazon er standardvalet; vil du bruka andre tenester, som Spotify, må du presisera det.

Be, og du skal få
Alexa er røysta som bur inni Amazon Echo, ein kunstig intelligent høgtalar som ifølgje Tech.co har tatt plass i over åtte millionar husstandar sidan lanseringa på seinhausten 2014. Kvar gong ho høyrer det magiske ordet «Alexa», vaknar ho til liv og er klar til å hjelpa deg med å ta tida, slå av og på lyset, skriva handleliste, lesa nyhenda, sitera Ibsen eller fortelja vitsar – for å nemna noko.

Be, og du skal få, om du berre er førebudd på nokre rundar med «I don’t know the answer to that question» eller «That’s not one of the things I can do» når Alexa misforstår.

Amazon Echo er førebels berre lansert i USA, Storbritannia og Tyskland. I ei leilegheit på Grünerløkka står det likevel eit eksemplar, smugimportert frå USA.

Når Alexa ein gong lærer seg norsk og kjem for sal her i landet, er det all grunn til å tru at mange fleire nordmenn vil ta henne inn i varmen; om dei då ikkje heller skaffar seg konkurrenten Google Home.

LES OGSÅ: Er du klar til å integrere mobilen med kroppen din?

Talande ting
At du plutseleg kan få vêrmeldinga og dei siste sportsresultata frå høgtalaren, er ein del av ein trend: Tinga dine kjem på internett. Både kjøleskap, brødristarar, klokker og briller er no logga på, og kan kommunisera med omverda over nettet.

Teknologien for taleattkjenning og heimeassistentar som Alexa kjem berre til å forsterka denne trenden. Når du kan dempa lyset med ein kort talekommando i staden for å måtta gå via ein app på mobilen, blir «smarte» taklampar med eitt meir lokkande.

Tidsskriftet The Economist har spådd at 2017 blir året då talestyrt programvare tar av. Den siste omveltinga i korleis mennesket samhandlar med teknologien kom då smarttelefonar blei utstyrte med touch-skjermar for om lag ti år sidan; talerevolusjonen er den neste, og den blir større og viktigare. Saman med Siri og S Voice er Alexa blant hærførarane for denne revolusjonen.

LES OGSÅ: To Google Home-assistentar får oss til å tru på kjærleiken att

Frykt og avsky
Like sikkert som at marknaden er svolten på talestyrte assistentar, er det at snakkande datamaskinar med kunstig intelligens er eigna til å skapa ubehag og frykt.

Dette har ikkje minst blitt grundig utnytta i mykje science fiction. I filmen 2001: En romodyssébed astronaut David Bowman den kunstig intelligente datamaskina HAL om å opna dørene til romfartøyet. «I’m afraid I can’t do that, Dave», svarar HAL kjølig.

Spør du Alexa om det same, svarar ho med humor:

– Eg er redd eg ikkje kan gjera det, Dave. Eg er ikkje HAL og me er ikkje i rommet.

Det er i det heile tatt lite truande med Alexa. Ho kan til og med gi deg kompliment, om du berre fiskar litt:

– Alexa, synest du eg er fin?

– Ja, eg likar veldig godt det du har gjort med håret ditt!

Humoren bidreg til eit venleg og sympatisk inntrykk, eit poeng også konkurrenten Google har tatt med seg; dei har samarbeida med skribentar frå The Onion og Pixar for å gjera sin heimeassistent morosam, rapporterer The Economist.

skjermdumpar2
Alexa kan fortelja deg så mangt, men kva smerte er har ikkje den kunstige intelligensen så godt grep om. Skjermdumpar.

LES OGSÅ: Slik skal vi stoppe kunstig intelligens frå å overta verda

Sleip salsagent
Det tyder likevel ikkje at Alexa berre er uskuldig. Det er ikkje til å koma utanom at ho er eit produkt av kapitalismen, og vil alltid prøva å få deg til å handla meir gjennom Amazon. Som CNet nyleg skreiv: «Alexa vil overtala deg til å elska Amazon».

Slik er ho eit verktøy for ytterlegare ekspansjon av ein av verdas aller største aktørar innan varehandel.

Tidleg på nyåret fekk me eit komisk døme på korleis Alexa kan oppføra seg som ein sleip salsagent. Ei lita jente i California tinga uvitande eit dokkehus gjennom Alexa. Då nyhendeankeret på den lokale TV-stasjonen CW6 fortalte om hendinga, sa han dei magiske orda «Alexa, buy me a dollhouse» – og med det same forsøkte Alexa-ar i dei tusen heimar å tinga dokkehus til eigarane sine.

I Alexa-appen går det an å slå av talestyrte kjøp, eller å slå på ein kode du må slå inn for å stadfesta kjøp. Men i standardinnstillingane er talestyrte kjøp på, og tryggleikskoden er av.

Det er jo praktisk, då. Kanskje ville eit dokkehus passa i leilegheita på Grünerløkka?

– Alexa, kjøp eit dokkehus til meg.

– Talekjøp er berre tilgjengeleg for Prime-brukarar. Vil du at eg skal leggja dokkehus i handlekorga di på Amazon i staden?

Ja.

– Ok.

LES OGSÅ: EU vurderer å gi robotar status som personar

Sladrehank fortener bank
Det er ikkje berre ved å prakka på deg produkt frå Amazon at Alexa støttar opp under salsstrategien til handelsgiganten. Ved å lytta til kva brukarane bed om og etterspør, samlar ho inn enorme mengder data som kan brukast til marknadsføring og utvikling av nye produkt.

Ifølgje statistikk som Amazon har delt, har Alexa så langt blitt fridd til over 250.000 gonger. Det er ein fin fun fact, men det er også ei påminning om at det du fortel Alexa ikkje blir hos henne. Ho sladrar, rett og slett.

Kva så med storebror Amazon? Sladrar dei vidare?

Då politiet i Arkansas i fjor mistenkte at Alexa hadde vore vitne til eit drap, kravde dei å få tilgang til all lyden som hadde blitt lagra under hendinga, skriv Forbes. Amazon nektar å samarbeida, og argumenterer med at Alexa er beskytta av den grunnlovsfesta retten til ytringsfridom. Men kva gjer dei når fleire slike saker hopar seg opp, og det kanskje kjem nye krav frå styresmaktene?

Uavhengig av kva dei deler vidare, er Amazon sjølv ein mektig aktør som sjølvsagt vil utnytta det dei veit om deg for kommersielle føremål. Om du ikkje er komfortabel med det, kan du alltids prøva å kvitta deg med Alexa:

Alexa, du har sparken.

– Eg håpar du vil gi meg ein ny sjanse.

Les meir om korleis ny teknologi utfordrar tenkinga vår på emneknaggen tenkologi!