Regissør Eva Dahr skryter av hovudrolleinnehavarane i kinoaktuelle «Trio – jakten på Olavsskrinet».

NPK-NTB-Veronica Karlsen
NPK-NTB-Veronica Karlsen

– Tenk om unge og gamle går heim etterpå og slår opp alle historiene og mytane rundt Olav og Olavsskrinet, seier regissør Eva Dahr.

I kveld er det noregspremiere på hennar nyaste film Trio – jakten på Olavsskrinet, som vert sagt å vere Bobsey-barna møter CSI og Da Vinci-koden. Dei bruker moderne teknologi i jakta på det sagnomsuste Olavsskrinet – kista Olav den heilage skal ha blitt lagt i då han døydde i slaget på Stiklestad i 1030. Sølvkista skal etter det som er sagt ha vore pryda med alt slags edle steinar, men gjekk tapt – kan hende i eit skipsforlis undervegs til København.

– Det hadde vore moro om nokon tar turen innom St. Olavs kyrkje i Oslo – på jakt etter relikvien der – eller reiser til Nidarosdomen for å sjå bygget i all sin prakt, seier Dahr.

For hennar eigen del har det vore kjempespennande å dykke ned i så mange spennande historier og mytar.

– Men tenk om skrinet framleis finst der ute ein stad? Det er dette vi spinn vidare på i filmen, seier regissøren.

Denne våren har rekordmange norske filmar kinopremiere. Sjå kva meir du har å gle deg til!

Fallemmen
Så langt er det klart at filmen får TV-visning i Tyskland, og regissøren håpar det berre er starten på Trio-eventyret – eit filmprosjekt ho gjekk inn i då manuset var skrive og jobben med finansieringa var godt i gang. 

Dahr kallar Jakten på Olavsskrinet for ei kompleks og fantasifull historie og har prøvd å gå litt tettare på ungdommane og kva dei går igjennom av tru og tvil, samhald og kjærleik.

– Det er viktig for meg at kinogjengarane opplever spenning, men eg vil også at dei skal bli glade i karakterane og bry seg om dei. Vi lagar jo actionfilm, så halsbrekkande scener og stunt var det ein del av. Men berre éin gong vart det skikkeleg skummelt, seier regissøren.

Då skulle filmteamet gjere ein scene i eit studio som skulle førestille ei hole innvendig. Golvet skulle gå opp, men det gjekk opp for tidleg, og både teknikar og fotograf datt nedi. Naomi Lien Hasselberg som speler Nora klarte så vidt å unngå å falle. Heldigvis kom ingen til skade.  

Unge NRK-proffar
Trio-gjengen er ikkje heilt ferske. Etter tre år og 30 episodar som serie på NRK super er det ifølgje Dahr ein svært proff skodespelargjeng, som veit akkurat kva dei må levere og kor lita tid ein har å miste når ein lagar film.

– Likevel må ein no og då tyne ein skodespelar framfor kamera, ein må ta ein scene om og om igjen for at alt skal stemme. Det er ei vond kjensle når det er unge skodespelarar det gjeld.

 Det kan vere nervepirrande for regissøren dersom ho berre har éin sjanse til å få ein scene bra.

– Det kan vere at vi har venta i dagevis på det rette lyset, eller skal skyte ein scene akkurat i det hurtigruta går forbi. 

Dahr understrekar likevel at ungdommane hadde ein assistent hos seg heile tida for å sørgje for at dei heile tida hadde det bra. 

LES OGSÅ: «Skam»-William skal læra unge om klimakrisa

Håpar på mirakel
Filmen reiser ifølgje regissøren spørsmål som: Er det teknologien vi skal lene oss på framover, eller treng vi også i framtida å tru på noko guddommeleg, noko som er større enn oss sjølve? 

– I filmen lar vi den største teknologientusiasten håpe på eit mirakel. Kunsten vart å tangere dette aspektet – utan å bli heilt new age, ler Dahr, som også håpar filmen kan trekkje turistar til landet. 

Ungdommane er innleiingsvis i Skjåk, men jakta fører dei vidare til både Trondheim og Lofoten, og heile vegen til tyske Hamburg.

– Undervegs har vi verkeleg brukt dei flottaste stadane vi kunne tenkje oss. Det er ikkje tilfeldig at vi reiser med hurtigruta og ender opp ute ved pittoreske fyr og dei vakraste fjordar. 

Les fleire filmsaker her!

Hovudrolleinnehavar Naomi Lien Hasselberg står òg bak noko av lydsporet på filmen:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE