Korleis er det å ha ein bror eller syster som er nesten prikk lik seg sjølv? Møt tvillingpar i ulike stadium av livet.

Sindre Thoresen Lønnes, Hallingdølen
Sindre Thoresen Lønnes, Hallingdølen
Faktaboks

Einegga tvillingar oppstår ved at eitt enkelt befrukta egg deler seg innan 14 dagar og blir to avskilte fosteranlegg innan 14 dagar.

Einegga tvillingar har, fordi dei kjem frå same eggcelle og sædcelle, heilt likt arvestoff.

Alle eigenskapar som er arveleg bestemt, som f.eks. blodtypar, er derfor helt like.

Einegga tvillingar har alltid same kjønn.

Toegga tvillingar oppstår ved at to forskjellige eggceller blir befrukta med kvar sin sædcelle.

Sidan dei to individa kjem frå forskjellige eggceller og sædceller, liknar dei ikkje arvemessig meir enn det alminnelege søsken gjer.

Toegga tvillingar kan ha same eller forskjellig kjønn.

LES FAKTALUKK FAKTA

Les heile saka med fleire tvillingintervju i Hallingdølen.

– Det er som å ha ei bestevenninne i hus.

Sigrid Kvåle Myksvoll (25) smiler og ser bort på tvillingsyster Ingvild. Det er juleferie og dei har endeleg litt tid saman i barndomsheimen høgt over Gol. Dei er einige om at det er spesielt å vere tvillingar.

– Me har vore ganske like. Hatt same vener og interesser, gått i same klasse og følgt kvarandre tett heilt fram til studietida i Bergen. Det har sjølvsagt vore litt krangling og, men slik er det vel mellom alle søsken, seier Sigrid.

Dei kjenner på at dei har blitt samanlikna heile tida. Ofte blir dei rekna som eitt individ, «der kjem tvillingane».

– Viss ein av oss har ein tydeleg meining om noko, så blir det fort slik at «dei sa det», ler Ingvild.

Friluftsliv og fotball har vore dei viktigaste aktivitetane for dei begge. Og no har dei også funne seg jobbar innanfor favorittfelta. Sigrid jobbar i Bergen og Hordaland turlag. Ingvild er dagleg leiar i Hallingdal Fotballklubb.

Forviklingar på fotballbanen
– Me jobbar med hovudinteressene. Men det kunne like gjerne vore motsett. Hadde me bytta jobb, trur eg begge hadde trivst godt med det, seier Sigrid.

Ved første augekast ser Sigrid og Ingvild veldig like ut. Det har skapt forviklingar, spesielt på fotballbanen.

– «Ho jenta der er jo over alt» var det ein gong ein trenar på motstandarlaget som ropte fortvilt, ler Ingvild.

Trylletriks
Tvillingsøstrene voks opp med ein far som er lærar på Hallingdal folkehøgskule. I fleire år var dei ein del av eit glansnummer i ei sirkus-førestilling for elevane i starten av skuleåret.

– Faren vår, Arne, hadde eit tryllenummer. Ein av oss var på scena og vart lagt inn i eit stort røyr. Med nokon trylleformlar og litt blinking med lysa stod med eitt den andre med dei same kleda bakerst i salen. Du kan tru folk vart imponerte. Men det vara ikkje lenge, for det var ikkje enkelt å få skubba ut røyret frå scena med ein person inni, fortel Sigrid.

Elles har dei ikkje utnytta likskapen på skulen, slik folk kanskje trur mange tvillingar har gjort.

– Hender det at de fullfører setningane for kvarandre, i Ole, Dole og Doffen-stil?

– Stadig vekk. Viss eg veit kva Ingvild skal si, er det vanskeleg å ikkje fullføre setninga, smiler Sigrid.

Les intervjua med dei andre tvillingane i Hallingdølen

LES OGSÅ: Knallsuksess for filmen om Magnar og Oddny Kleiva frå Naustdal

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15
ANNONSE