Tobias har «kontor» med sjøutsikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

– Eg har alltid likt å vera på sjøen, seier Tobias Broks (18).

Som lærling på båten «Seihav» jobbar han på sjøen tre veker i strekk, med tre veker heime mellom kvar arbeidsperiode.

– Livet på sjøen er fint. Vi lærer alt mogleg som er naudsynt å kunna på eit skip, frå fortøying til vedlikehald, seier Broks.

Etter eitt år på teknikk og industriell produksjon-linja på KVV, og eitt år med maritime fag i Austevoll, var Broks i august klar for lærlingplass på «Seihav». Båten er ein brønnbåt som fraktar levande fisk frå oppdrettsanlegg til foredlingsbedrifter. Han går langs Vestlandet, så langt som til Sogn, men mest mellom Austevoll og Hardanger.

Les innlegget: «Eg har høyrt folk presentere seg som «berre» tømrar»

Mykje erfaring
Broks fortel at han var mykje ute med fritidsbåten til familien i oppveksten. Då han gjekk i niande klasse hadde han arbeidsveke på ei ferje.

– Det var veldig kjekt, og det var då eg bestemte meg for at eg ville jobba på båt. Planen er å bli skipper. Om det er i oppdrettsnæringa eller noko anna er ikkje så viktig – så lenge eg får vera på sjøen er eg nøgd. Eg får fin erfaring på «Seihav», og all kunnskap og erfaring er viktig framover.

Om halvtanna år vert han ferdig med fagbrev som matros. Vidare ventar to år med teknisk fagskule for å få styrmannssertifikat, og etter nok fartstid vil han ta skippersertifikat.

– Det vert ei lang utdanning, seier Broks.

Ein kan òg få skippersertifikat gjennom å studera nautikk på høgskulenivå.

– Kva var grunnen til at du valde å gå denne retninga?

– Ein kjem fort ut på sjøen, og får mykje praktisk erfaring før ein tar i roret.

Bilete frå Kvinnheringen. Ikkje til gjenbruk!
Tobias Broks med Kamilla Slettevold frå STADT. Bilde teke i samband med dåpen av «Seihav». (Foto: STADT)

God stemning
Broks fortel at han trivest godt som lærling, og at det er god stemning om bord i båten.

– Vi er ein gjeng som er i lag tre veker i strekk, og jobbar tett saman. Då må ein berre bli venner.

Han seier at kollegaane på båten med litt meir fartstid sit på mange røvarhistorier.

– Det er interessant å høyra på historiene til eldre sjøfolk. Dei har mykje løye å fortelja. Det blir nok nokre historier på oss òg etter kvart, seier han.

Les meir om lærlingar her!