– Å redde verda er ikkje nok, seier «Fargo»-skapar Noah Hawley, som gir serievåren eit alternativ superheltspinn med «Legion».

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Legion:

* Amerikansk SCI-fi-serie frå 2017
* Utvikla og produsert av Noah Hawley
* Basert på teikneserien med same namn av Chris Claremont og Bill Sienkiewicz
* I rollene: Dan Stevens, Rachel Keller, Jean Smart, Aubrey Plaza, Jeremie Harris, m.fl.
* Premiere: 9. februar på FOX

Høgdepunkt frå serievåren:

«Santa Clarita Diet» (Netflix, 3. februar), «24: Legacy» (Viaplay, 7. februar), «Legion» (FOX, 9. februar), «You Me Her» (Netflix, 10. februar), «Halt and Catch Fire 3» (HBO Nordic, 10. februar), «Girls 6» (HBO Nordic, 13. februar), «The Walking Dead 7 II» (FOX, 13. februar), «Of Kings and Prophets» (Viaplay, 15. februar), «Billions 2» (HBO Nordic, 20. februar), «Crashing» (HBO Nordic, 20. februar), «Big Little Lies» (HBO Nordic, 20. februar), «Ultimate Beastmaster» (Netflix, 24. februar), «The Blacklist: Redemption» (Viaplay, 24. februar), «Love 2» (Netflix, 10. mars), «Designated Survivor 1 II» (Netflix, 15. mars), «Iron Fist» (Netflix, 17. mars), «Animals 2» (HBO Nordic, 18. mars), «13 Reasons Why» (Netflix, 31. mars), «Feud» (HBO Nordic, mars), «Better Call Saul 3» (Netflix, 11. april), «Prison Break 5» (TV3, 11. april), «The Leftovers 3» (HBO Nordic, 17. april), «Girlboss» (Netflix, april), «Veep 6» (HBO Nordic, april)

Kjelde: serienytt.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Noah Hawley har ein Emmy-statuett på peishylla takka vere den mordariske Midtvesten-sagaen «Fargo». No går forfattaren og produsenten Noah Hawley inn i det gullkanta Marvel-universet med «Legion» (TV-premiere på FOX 9. februar).

Men sistnemnde, som spring ut av «X-Men»-familien, tar mål av seg å tilby meir enn det gjengse superhelteventyret.

– Eg ville lage noko romantisk, leikent og annleis, fortel Hawley til NTB i London.

– Eg ville at publikum skulle undre seg. Eg ville ikkje avgrense det til action og redning av verda. Eg ville at det skulle bli personleg og intimt og uventa, legg han til.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn blir film

Subjektiv verkelegheit
Nøkkelen er den psykologisk ustabile og institusjonaliserte hovudskapnaden David Haller, spelt av «Downton Abbey»-stjerna Dan Stevens. Du skal ikkje ha observert han lenge før du skjønner at han er ein sjeldan fugl.

– Han er enten schizofren eller heilt spesielt evnerik, seier Hawley, som har krydra tilværet hans med venninna Lenny (Aubrey Plaza) og kjæresteemnet Syd (Rachel Keller).

– Uansett skjønnar han ikkje kva som er reelt og ikkje, noko som skaper ei subjektiv verkelegheit. Eg tenkte at dersom vi greidde å etablere den same kjensla hos sjåarane, ville vi få til noko som per definisjon er surrealistisk. David er fange av sitt eige sinn – og representerer ein versjon av sjangeren som ikkje har vore utforska før.

LES OGSÅ: Ungdom droppar lineær-TV til fordel for strøyming

Hollywood-feide
Steffen Stø, fagredaktør i serienytt.no, er allereie fan. «Legion» er ein av nysatsingane han trekkjer fram frå vårsendeplanen. Andre er «13 Reasons Why», «Big Little Lies», «Santa Clarita Diet» og «24: Legacy».

Vidare held Stø ein knapp på «Feud», signert kreftene bak fjorårshiten «The People v. O.J. Simpson: American Crime Story».

– Handlinga er henta frå ein av dei største konfliktane i Hollywoods glansdagar mellom Bette Davis og Joan Crawford, portrettert av høvesvis Susan Sarandon og Jessica Lange, rapporterer han.

– Serien har eitt av dei sterkaste skodespelarensembla eg kan hugse frå skjermen: Kathy Bates, Judy Davis, Sarah Paulson, Stanley Tucci, Catherine Zeta-Jones og Alfred Molina er alle med.

LES OGSÅ: Er «Girls» kvinnefrigjering, eller berre syting?

Politisk satire
Blant dei vante titlane festar Stø lit til blant andre «The Leftovers», «Sense 8», «Better Call Saul» – for ikkje å gløyme kultfenomenet «Twin Peaks», som gjenoppstår i USA i mai. Han trur heller ikkje at «Veep», med «Seinfeld»-ikonet Julia Louis-Dreyfus i rolla som Selina Meyer, har mista aktualiteten av at Donald Trump nyleg overtok makta.

– «Veep» er smart og ustyrteleg morosam politisk satire i same univers som britiske «In the Thick of It», kommenterer Stø.

– Dei tre førre sesongane har ost av kvalitet. I den kommande blir det spennande å følgje med på korleis det går med Meyer no som ho er blitt ekspresident.

LES OGSÅ: I Westworld er alt lov. Er det greitt?

Eksperimentelt
Det står att å finne ut kor mange sesongar som ventar «Legion», som magasinet Forbes meiner er blitt ei «heilt eiga greie» i Marvel-samanheng. Det var heile poenget, ifølgje Hawley.

– På mange måtar er dette eit eksperiment, seier han.

– Dersom vi lykkast, er vi alle geni. Dersom vi går på trynet, er det berre mi skuld.

Les også Framtida.no-redaksjonen sine serietips frå romjula – frå «Please Like Me» til «Dag»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE