«Frikjent»-Helene til Sogndal Filmfestival
Medieklasse gjer seg klar til å arrangera den tolvte filmfestivalen i Sogndal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er veldig stolte av å presentere Susanne Boucher som vår første gjest og føredragshaldar ved Sogndal Filmfestival 2017, seier festivalsjef Sunniva Breidvik i ei pressemelding.
23.-24. mars arrangerer avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule kortfilmfestival. Der vil dei vise fram det beste av filmar som ung, kreativ, vestlandsk ungdom i aldersgruppa frå 15 til 30 år har å by på. Årets festival er den tolvte i rekkja.
Torsdag 23. mars vert det raud løpar med prisutdeling i ti kategoriar, inkludert publikumsprisen.
Fristen for å sende inn filmar er 23. februar.
LES OGSÅ:Martha får massiv støtte etter å ha laga film om magen sin
Boucher om Årdal
Fredagen vert det fagdag i Sogndal Kulturhus med blant andre Susanne Boucher. 19-åringen debuterte som skodespelar i rolla som Mari i «Keeper’n til Liverpool» i 2010. Ho er mest kjend for rolla som Helene Hansteen i «Frikjent», den norske krimdramaserien som er delvis spelt inn i Lærdal og Årdal i Sogn.
I tillegg har Boucher også spelt Cecilie i «Beatles» (2014) og hatt ei lita rolle i VGTV-serien «Kasim Bæder».
I Sogndal kjem ho til å fortelje om filmkarrieren sin, om innspelinga av «Frikjent», og om kva som gjekk føre seg i kulissane.
Ifølgje festivalsjef Breidvik har dei fleire kjende namn, som skal presenterast etterkvart.
I fjor vitja blant andre TV-aktuelle Leo Ajkic og «Kongens nei»-regissør Erik Poppe festivalen.
LES OGSÅ: Lagar film om Nundalsdrapet