Ny leiar i Foreningen !les
Silje Tretvoll (41) er tilsett som ny dagleg leiar i Foreningen !les.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Å bidra til å opna vegen inn til litteraturen for andre menneske, ser eg på som ei svært meiningsfull oppgåve. Det er eit humanistisk og eit demokratisk prosjekt eg har stor tru på, seier Tretvoll.
Ho meiner Foreningen !les har eit viktig samfunnsoppdrag; å fremja lesing, auka leseengasjement og interesse for litteratur i alle aldersgrupper og i alle samfunnslag.
Silje Tretvoll har tidlegare arbeidd tretten år i Forlaget Oktober. Styret i Foreningen !les er svært glade for at ho no blir ny dagleg leiar i foreininga.
– Silje kjenner bransjen svært godt, har eit godt nettverk og er kjend som ein drivande dyktig og involverande leiar. Ho brenn for bøker og lesing, og vil med bakgrunnen sin tilføra Foreningen !les ny kompetanse og nye perspektiv, seier styreleiar Wegard Harsvik.