– Snart vert førarkortet verdilaust

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 18:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Snart vert lappen verdilaus

– Eg tar lappen no, men når eg er ferdig, går det ikkje lenge før papiret nærast er verdilaust, fortel Kremena Tosheva.

Vi møtest til ein prat om konsekvensane av sjølvstyrande bilar og korleis ny teknologi endrar behovet for utdanning og flyttar grensene for privatliv.

Tosheva er ein av 14 medarbeidarar i selskapet Oslotech som arbeider med nettverksbygging mellom leigetakarane i Forskingsparken i Oslo. Bygget rommar over 2000 forskarar og teknologientusiastar.

26-åringen meiner det trengs meir enn teknologientusiasme for å klare overgangen ide til produkt.

Lover for sjølvstyrande bilar
– Snart får vi sjølvstyrande bilar på vegen, men det manglar lover og regulering som tek inn over seg endringane det vil innebere, forklarar Tosheva.

Ho trekk fram at bilprodusentar som Volvo og Mercedes-Benz satsar på slik teknologi, og at dei kan ha bilane klare om nokre få år. Volvo er klare over store delar av ansvaret for sikkerheit i trafikken vert flytta frå sjåføren og over til selskapet.

– Men er det greitt for Noregs lover? Politikarane må på banen for å få klarheit i dette. Og korleis kan vi overtyde folk om at det er trygt å bli transportert av ein kunstig intelligent robot? undrar ho.

LES OGSÅ: Sjølvstyrande bilar: Kven må døy?

Arbeidsliv i endring
– Å følge med på startup-scena gir også eit viktig innblikk i kva som kjem av nye løysingar og teknologiprodukt i framtida, seier Tosheva.

Mange av dei nye ideane inneheld også potensiale for at robotar kan erstatte menneskeleg arbeidskraft, og utfordrar på den måten korleis framtidas jobbmarknad ser ut.

– Arbeidslivet kjem til å endre seg med dei teknologiske nyvinningane. Til dømes vil nokre sjåførar miste jobben fordi trailerane vert sjølvstyrande. Men det er når vi må løyse utfordringane vi står ovanfor, at dei nye jobbane dukkar opp, fortel Tosheva.

KremenaToshevaSofaUgleFotoAEikenes
Med satsinga StartupLab vil Oslotech gi nye selskap verktøya dei treng for å klare overgangen frå ide til produkt. Tosheva har god nytte av bakgrunnen sin frå økonomi og innovasjon. Foto: Åsmund Eikenes/Framtida.no

– Ver ei potet
At arbeidslivet er i endring, betyr også at utdanningssystemet bør følgje med, meiner Tosheva.

Sjølv har ho ein mastergrad i entreprenørskap og innovasjon frå NMBU, og arbeider no som dagleg leiar for idefestivalen Cutting Edge.

– Det kjem til å bli enormt med jobbmoglegheiter, men ein må vere ei potet. Det vil alltid vere behov for spisskompetanse, men kompetanse innan fleire fag vert stadig viktigare. Dette gjeld innan livsvitskap, i transportsektoren, og innanfor robotikk og kunstig intelligens.

Tosheva er ein stor tilhengar av kunnskap om koding, kunstig intelligens og entreprenørskap i skulen.

– Folk må forstå at det er greit å ta risiko, seier ho.

LES OGSÅ: Torjus (24) tok risikoen og blei ein kyborg

Privatliv
Ein moderne kvardag inneheld teknologi som løyser praktiske utfordringar, men nyvinningane gir også etiske dilemma. Apple, Google og Facebook sender informasjon om brukarane sine til store databasar, ei gullgruve for andre selskap. Men kven eig eigentleg rettane til data om deg?

– Prisen for eit enklare liv er å gi frå seg data om seg sjølv. Eg trur det vil bli ei todeling framover: Dei som vil verdsette å bevare eit privatliv på den eine sida, og dei som vil ha eit enklare liv på den andre, seier Tosheva.

Potensialet for misbruk er til stades, og Tosheva meiner at det er viktig at samfunnet tek utfordringane på alvor.

– Vi har ein jobb å gjere for å utdanne folk om potensialet og skuggesidene ved ny teknologi.

Sambuarkontrakt for robotar
Debatten om grensesetting for robotane som vert ein del av samfunnet vårt, er spennande, men ikkje ny, påpeikar Tosheva.

Som vist i HBO-serien Westworld, dukkar det opp eksistensielle etiske dilemma når robotane startar å likne meir på menneske.

– Dei vert bevisste på kroppane sine, på kven dei er, og på rettane dei eventuelt bør få. Kanskje er det ikkje greit å slå til ein robot, undrar Tosheva.

Eitt av punkta ho saknar er ein debatt om reglane for korleis robotar skal delta i liva våre, ein slags sambuarkontrakt mellom menneske og maskiner.

– Vi må ta ein debatt om korleis vi skal leve saman med robotar, seier ho.

LES OGSÅ: Vil definere robotar som personar

Faktaboks

Kremena Tosheva sine spådomar for 2017:

Sosiale robotar til bruk i underhaldning og læring

Kognitive robotar som forstår språk og held samtalar med oss på nett

Menneskelege robotar som får støttefunksjonar for eldre og sjuke.