Fredag vart det kjent at NRK blokkerer utanlandske sjåarar. Internasjonale «SKAM»-fans er opprørte.

Åsmund H. Eikenes

Hausten 2016 var kjærleikshistoria mellom Isak og Even eit globalt fenomen, med sjåarar frå heile verda. No har NRK lagt inn geoblokking på nettsidene sine, slik at berre personar som oppheld seg i Noreg får tilgang til serien.

Musikkbransjen meiner nemleg at avtalen med NRK ikkje tek høgde for den internasjonale suksessen «SKAM» har blitt, melder NRK P3.

– We are working hard to figure out how to solve this issue so that the fans can continue to enjoy «SKAM» from where they are, skriv P3 på sine nettsider for å berolige den internasjonale fansen. 

Les intervjuet med Ulrikke Falch

Utestenginga får fansen til å reagere på Twitter med emneknaggen #skamforalle:

 

 

Nokre vurderer om dei må feriere i Noreg for å få sett serien:

 

Andre lurer på om dette betyr at dei ikkje får sett den komande sesong 4:

 

Om nokre månader får den amerikanske fansen sin eigen versjon av seiren. Fram til då lyt internasjonale «SKAM»-fans klare seg med fan-fiksjon og YouTube-remiksar av elevane ved Hartvig Nissen.

 

LES MEIR OM «SKAM»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE