Storsatsing skal rekruttere folkemusikarar
Organisasjonen Folkorg startar i år fem pilotprosjekt som skal hjelpe til med rekrutteringa innan folkemusikk og folkedans.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Storsatsing på folkemusikarar
Folkorg, organisasjonen for folkemusikk og folkedans, har fått tildelt ei større pengegåve frå Dextra Musica til eit treårig rekrutteringsprosjekt. I år skal 500.000 av denne gåva gå til fem ulike prosjekt, med søknadsfrist i april. Både nye og eksisterande prosjekt kan søkje om å få pengar.
Planen vidare er å byggje på med tre til fem prosjekt i 2018 og 2019, slik at det innan 2020 vil vere fleire store rekrutteringsprosjekt i sving over heile landet.
– For oss som jobbar i Folkorg er rekrutteringa innanfor sjangeren sjølvsagt noko av det vi gler oss mest over og vi gler oss veldig til å sjå dei gode resultata prosjekta vil gi, seier Øyvind Sandum som er rådgivar for lokallag og arrangørar i Folkorg.
Dextra Musica er eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB. Selskapet eig nokre av dei beste strykeinstrumenta i verda og låner dei ut til etablerte og talentfulle norske musikarar. Til gjengjeld bidreg musikarane i prosjekt med barn og unge. Dei fem neste åra satsar Dextra Musica på å byggje opp ei samling av historiske og nybygde folkemusikkinstrument, i samarbeid med folkemusikkfeltet.