Studentar får låne 3D-printar på biblioteket

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 18:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar får låne 3D-printar

Vi er på Realfagsbiblioteket på Blindern, onsdag 4. januar, og står rundt den siste nye dingsen: ein 3D-skrivar.

Bibliotekar Trude Westby set i støpselet til skrivaren, og eit kvitt lys fyller boksen som manglar både tak og frontvegg. Ho legg fingeren på eit kvitt hjul og scrollar nedover orda som lyser opp i displayet, ser bort på kollega Heidi Konestabo og spør: – Ein liten Tardis til?

– Ja, svarar Konestabo.

– Ja, seier eg, begeistra over å møte andre Doctor Who-fans.

WARMING UP, står det i displayet, og nokre sekund seinare startar prosessen.

Om tre timar er resultatet klart: ein 4 centimeter flygande telefonkiosk i tre dimensjonar. Eg undrast om den er større på innsida.

Avansert matematikk
Realfagsbiblioteket ved Universitet i Oslo har no fått sin eigen 3D-skrivar, og dei to fagansvarlege er tydeleg begeistra over potensialet og moglegheitene den nye teknologien gir.

– No håpar vi at studentane vil la seg inspirere og ta maskina i bruk, supplerer Westby (biletet).

Bibliotekaren trur 3D-skrivaren vil vere til god hjelp for å visualisere det som er vanskeleg å sjå føre seg i fleire dimensjonar.

Ein av dei som ser fram til det er Ivar Stangeby, masterstudent i matematikk ved UiO.

IvarogUltimakeren2Web
Ultimaker 2+ smeltar plastråden ved 210 grader og spyttar den ut på rett plass til rett tid. Sprøyta står fast i høgda, og botnen synk etter kvart som modellen vert høgare. Ivar Stangeby observerer. Foto: Åsmund H. Eikenes.

– Eg planlegg å lage modellar av det som vert kalla for algebraiske flater, modellar som viser korleis overflater flyt i kvarandre.

Han viser fram videoar av knuter, sløyfer, spiralar og komplekse matematiske figurar. Det er tydeleg at formene og kva dei betyr er vanskelege å arbeide med som flate og to-dimensjonelle, og at denne typen matematikk har nytte av handfaste, fysiske modellar.

– Det er mykje gøy ein kan gjere med ein 3D-skrivar. At den står her på biblioteket gir potensiale til å boltre seg, samt å teste prototypar av større modellar, seier han.

Video av ein av modellane Stangeby planlegg å skrive ut i tre dimensjonar:

Ikkje lengre sci-fi
3D-skrivaren, ein Ultimaker 2+ til ein verdi av 20 000 kroner, står no saman med fagbøker og datamaskiner på Blindern. Westby og Konestabo har vurdert om dei kanskje skal flytte den frå det store biblioteket og inn på sci-fi-seksjonen av realfagsbygget.

– Mange av bøkene i sci-fi-seksjonen handlar jo om ting som ein gong var utenkjelege, men som no er mogleg grunna ny teknologi. No kan ein 3D-skrive i glas og porselen, med levande celler og til alle moglege føremål, seier Westby

Ho trekk fram eit klassisk sci-fi-eksempel der 3D-skrivande robotar reiser i førevegen for å gjere nye planetar klare til å bli erobra av menneska som kjem etter. 3D-skrivaren på Realfagsbibiloteket kan også lage sine eigne reservedelar.

– Det er nokså kult når maskiner kan lage kopiar av seg sjølv, seier Konestabo (biletet).

Ho ser fram til at studentane sjølv skal kunne bruke 3D-skrivaren til studierelatert læring.

3D-skrivar som lagar våpen
Realfagsbiblioteket planlegg å la studentar og andre med lånekort få tilgang til 3D-skrivaren utan å betale. Dei er ikkje redde for misbruk av teknologien.

– Dersom nokon er ute etter å gjere skade, så er det jo også mykje informasjon i bøkene dei kan bruke til det, og bøker sensurerer vi jo ikkje, seier Westby.

Ho fortel at ho har sett digitale 3D-modellar for å lage handvåpen, men er usikker på om det vil fungere med maskina deira.

– Eg trur ikkje plasten vil tole temperaturen eller trykket som trengs, seier ho.

Stort potensiale
3D-skriving har dei siste åra vorte meir tilgjengeleg, og fleire ulike selskap tilbyr 3D-figurar av ein sjølv eller andre objekt. Medisinsk industri tek det i bruk både til utstyr (ein test), til robotar (handprotesar) og til printing av biologisk materiale (kanskje ein hjerne?).

– Det hadde vore morosamt å kople 3D-skrivaren vår til ein Kinect (Xbox), slik at brukarane enkelt kan scanne og printe seg sjølv, seier Westby.

3D-skrivne smådelar kan også settast saman med elektronisk teknologi (Arduino), sensorar og anna teknologi.

– Då vert det nesten ingen grenser for kva ein kan lage med den nye dingsen vår, seier ho.

Ein Tardis med blinkande LED-lys, talestyring og drone-propellar? Ja, takk!

Tardis mellom fingra Web
Resultatet, tre timar seinare. (Og nei, den er ikkje større på innsida.) Foto: Åsmund H. Eikenes

Les meir om teknologi som får deg til å tenke