25 norske filmfestivalar får over 17 millionar i tilskot

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

17 millionar til norske filmfestivalar

16, 3 millionar kroner er driftstilskot og 1,3 millionar kroner er i prosjekttilskot. Tilskota skal styrke festivallivet og bidra til å skape gode møteplassar mellom film og publikum i Noreg, skriv NFI i ei  pressemelding tysdag.

– Det herskar brei politisk semje om at filmfestivalar utgjer eit viktig supplement til den ordinære kinodistribusjonen i Noreg. Ved å auke rammene for festivalverksemd, styrkar vi dei norske filmfestivalane og bidrar til gode møteplassar mellom film og publikum, seier direktør Sindre Guldvog ved NFI.

– Med dei eksisterande rammene må vi prioritere, og vi har lagt til grunn at vi både ønsker ei kvalitativ utvikling av festivalane, og å sikre geografisk spreiing av filmkulturen, skriv leiaren av festivalutvalet, Nina Refseth, i si innstilling.

Blant festivalane som får tilskot er Amandusfestivalen (1.000.000 kroner), Barnefilmfestivalen i Kristiansand (1.250.000 kroner), Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) (1.600.000 kroner), Den norske filmfestivalen (DNF) (2.600.000 kroner), Kortfilmfestivalen i Grimstad (2.965.000 kroner), Arabiske filmdagar (FFS) (100.000 kroner) og Bollywood filmfestival (300.000 kroner).