Denne filmen får du aldri sjå


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Konseptet var at me ville laga ein film som ikkje skal bli sett på 100 år, seier John Malkovich i ein liten teaser om sin siste film.
Skodespelaren har skrive manus og speler hovudrolla i kortfilmen 100 Years: The Movie You Will Never See, som har premiere 18. november 2115.
Filmen er regissert av Sin City-regissør Robert Rodriguez, og er laga i samarbeid med konjakkmerket LOUIS XIII, som tilfeldigvis er lagra i akkurat 100 år.
– Eg var fascinert over konseptet med å laga ein film som ingen vil sjå i mi levetid, seier regissør Rodrigue.
I dag kan ein sjå ein aldri så liten reklamefilm, men kva som vil møta publikum om nesten 100 år gjenstår å sjå.
Detaljane i handlinga er hemmeleg, men i filmen skisserer Malkovich ulike scenario for korleis verda kan sjå ut om 100 år.
Ein safe, som vart vist fram under Cannes-festivalen i fjor, er stilt inn slik at han skal opna seg automatisk til premieren i 2115. Planen er at konjakkmerket skal gje ut tusen billettar til utvalte personar, blant dei etterkommarar av Rodriguez og Malkovich.