2016 vart det beste kinoåret for norske filmar på 40 år

Ikkje sidan Flåklypa-året 1975 har det vore eit så godt år for norske filmar på kino. Norske kinofilmar har hatt tre millionar besøkjande i 2016.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beste kinoåret på 40 år

– Dei siste ti åra har besøk på norske filmar lege mellom to og 2,5 millionar. Ein må tilbake til 1975, året då Flåklypa Grand Prix hadde premiere, for å finne liknande tal som i år, seier dagleg leiar Guttorm Petterson i kinoanes bransjeorganisasjon Film & Kino til Dagens Næringsliv.

«Kongens nei» blir årets mest besøkte kinofilm på norske kinoar, med godt over 700.000 besøkjande. «Snikkar Andersen og Julenissen» og «Børning 2» har også vore godt besøkte, og desse tre slår fleire utanlandske storproduksjonar som «Et helt halvt år», «Istid: På kollisjonskurs» og «Deadpool».

«Dyrene i Hakkebakkeskogen» er favoritten i romjula. Nærare 120.000 publikummarar har strøyma til kinoane for å sjå animasjonsfilmen av Thorbjørn Egners klassikar etter at den kom ut 25. desember, melde SF Studios i ei pressemelding onsdag.

LES OGSÅ: Arthur (21) om rollene i «Kongens nei» og «Skam»