Sjekk isen før du snører skøytene i romjula

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå Rogaland til Troms har mildvêr og regn svekt isen på vatna i låglandet, særleg der vatnet  strøymer innunder isen. Ver derfor varsam viss du har planar om å teste skøytene i romjula.

– Straum under isen er årsak til mange ulykker. Isen smeltar nedanifrå, og det kan vere uråd å sjå det på overflata. Hald derfor ekstra god avstand til innløp, utløp og tronge sund i mildvêr, seier Ånund Kvambekk, som er isvarslar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

På Vestlandet er det lite is igjen under 500 meter over havet, mens det frå Trøndelag og nordover framleis er is ned til havnivå.

På Austlandet er det no svært gode skøyteforhold på små vatn i høgdene 100–300 meter over havet med 10–30 centimeter tjukk is. Høgare opp er det snø på isen, og lågare ned er han dessverre for tynn, særleg nær ytre Oslofjord. Men alle stader med straum under isen er farlege, også på desse skøytbare vatna.

I fjellet er små vatn stort sett farbare i heile landet, mens dei største og djupaste til dels er isfrie.

I romjula er det venta mildt vêr i heile landet, og frå Vest-Agder til Troms er det òg venta ein god del regn i låglandet, noko som gir auka vassføring.

(©NPK)

Vil du vera heilt trygg og innandørs, og likevel testa deg sjølv? Prøv deg på ein av dei over 60 quizane våre!