NPK-Andrea Sæverud
NPK-Andrea Sæverud

Frilansmusikaren frå Syvde i Vanylven har for andre gong fått oppdraget med å stå for det musikalske i julemorgonsendingane til NRK Super. Med hovudansvaret for all musikken i programma blir ho å sjå både bak pianoet, med mikrofonen i handa og kanskje til og med i kostyme. Saman med dei to andre programleiarane Mikkel Niva og Haakon Stevens skal ho lage ei fin ramme for dei mange små filmane som NRK viser på morgonkvisten.

– Eg har fått tittelen sidekick, så eg skal snakke også, ikkje berre synge, seier Karin Eckhoff Holsvik.

LES OGSÅ: Kringkastingsprisen til NRK Super

Vilde og Anna kjem
I år er det 20-årsjubileum for det som NRK sjølv kallar for det koselegaste programmet i heile jula. Julemorgon sender to og ein halv time kvar morgon gjennom heile jula og premieren er 22. desember.

– For den som ser på skal det følast som om vi ser på filmane i lag. I tillegg får vi ein god del gjestar og artistar på besøk, fortel Karin.

Ho kan mellom anna freiste med dei to ferske vinnarane av MGP Junior, Vilde og Anna frå Nordfjordeid. Dei kjem til å framføre songen «Vestlandet» som i november tok dei heilt til topps i songkonkurransen. 

Idrettsutøvaren Birgit Skarstein tek også turen til studio, og historia hennar om korleis ho blei lam i beina men kjempa seg opp og fram til OL-deltaking, har gjort inntrykk på Karin.

– Birgit er eit råskinn av ei dame, ho er veldig inspirerande.

Faste NRK Super-sjåarar kjem også til å få eit gjensyn med dokka Perla, som blir spelt av Ingunn Thon frå Ål i Hallingdal.

Eigen vri på Marcus og Martinus 
Med bakgrunn frå både musikklinja i Volda og musikkhøgskulen i Oslo har Karin Eckhoff Holsvik bygd seg opp ein kompetanse ho har fått god bruk for i førebuingane til Julemorgen. Mykje av jobben er gjort i forkant i sendingane, mellom anna med å arrangere fleire musikalske innslag. 

– Eg har arrangert eit svært julenummer som skal gå rett etter Askepott på julaftan. Der har eg med meg både artisten Julie Bergan, band og barnekoret frå Den norske operaen. Vi blir 40–50 personar, fortel ho.

Dei musikalske utfordringane har elles variert mellom alt frå «Det lyser i stille grender» til ei nytolking av Marcus og Martinus-låten «Alt jeg ønsker meg»

I tillegg til god stemning lovar julemorgonmusikanten at sjåarane vil få treffe den ekte Karin gjennom tv-skjermen i jula. 

– Eg er så dårleg skodespelar, så eg kan love at eg skal vere meg sjølv, flirer ho. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE