Meir tid til nyttårsfeiring!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eitt sekund meir til nyttårsfeiring!

Årsaka til justeringa er ikkje at du skal få tid til ein ekstra klem eller eit kyss, men for at rotasjonen til jorda skal få tid til å ta att det ho heng etter UTC (koordinert universaltid).

Jorda roterer nemleg uregelmessig og litt sakte, mens dei rundt 400 atomurane som bestemmer UTC går jamt. Desse ura er plasserte på tidslaboratorium rundt om i verda, mellom anna hos Justervesenet, og må difor justerast jamleg sidan jorda ikkje er like nøyaktig.

På nokre avanserte klokker blir skotsekundet vist som 23:59:60 (UTC) i eitt sekund før klokka tikkar vidare inn i 2017. I Noreg vil skotsekundet vera 00:59:60 inn i det nye året.

– Juleferien fall jo litt uheldig på kalenderen i år, med mange arbeidsdagar i romjula. Derfor tenkjer eg at skotsekundet kjem ekstra godt med, humrar tidssjef og fagansvarleg for tid og frekvens i Justervesenet, Harald Hauglin.

Han oppmodar alle til å bruka sekundet godt.