Asbjørn Lote (21) lærte å animere på fritida og har allereie vunne pris for beste animasjonsfilm.

Elise Løvereide
Elise Løvereide

– Når eg ser filmeffektar, tenkjer eg ofte «Fett. Det har eg lyst til å gjenskape.»

Det seier 21 år gamle Asbjørn Lote frå Førde. Det som starta med enkel triksing i PowerPoint har i dag blitt prisvinnande animasjon.

Etter at Lote i april vann prisen i kategorien beste animasjon for kortfilmen «Køyr ikkje på haugen» (sjå nedst i saka!), har det berre gått oppover.

– Eg starta eit enkeltpersonføretak i vår, og jobba heime i Førde i sommar. Eg laga mellom anna sommarfuglen til Førdefestivalen, seier han, og viser til festivalen sin vignett.

Han jobba også med å visualisere den nye stikkontakten Smart Connect. Sommaren og hausten viste seg å vere meir enn lønsam for den unge frilansaren. På dei få månadane har han tent nok til å betale det første året av utdanninga.

– No har eg fått så mange oppdrag at eg kunne levd av det. Eg tente meir den sommaren enn eg nokon gong har gjort før. Nok til å betale for heile utdanninga, seier Lote, som no studerer til bachelor i film og TV på Westerdals i Oslo. 

Asbjørn Lote (21) frå Førde oppdaga animasjon gjennom PowerPoint. Ein pris og fleire oppdrag seinare, er draumen klar: – Eg har lyst til å starte eit animasjonsselskap. Draumen er å ha regi på ein animasjonsfilm. Foto: Even Husby Grødahl

Jobbar frå rom i kollektiv
Lote gjekk på media- og kommunikasjon på vidaregåande og studerte film på folkehøgskule, men er elles sjølvlært.

Til dagleg jobbar Asbjørn 40 centimenter frå senga. Mykje blir til frå rommet i Oslo-kollektivet.

– Har du ein sprek PC, klarer du å gjere mykje sjølv. Fordelen med animasjon er at det er enkelt å vise kva du kan.

Asbjørn har laga ein såkalla showreel, ein portefolio-video som viser arbeidet hans. Særleg bruker han gratisprogrammet Blender til å animere, eit program som baserer seg på donasjonar.

Kor lang tid tar det eigentleg, å lage ein animasjon til ein reklamesnutt?

– Det varierer utruleg mykje. Til reklamefilmen for Smart Connect arbeidde eg kanskje ein time per 45 sekund med film. Men då jobba eg fortare enn vanleg. 

Vil regissere animasjonsfilm
Draumen på sikt er å starte eit filmselskap og å regissere ein heil animasjonsfilm.

Hender det at det øydelegg filmopplevinga når du veit korleis effektane er laga?

– He he, kanskje litt. Men eg prøver å ikkje tenkje så mykje på det, og eg klarer å kose meg med filmen, likevel. 

Amandusfilmen:

Showreel:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE