I eldgamle fotefar

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Først publisert i Studvest.

Her er noko eg kan fortelje deg: raskaste veg frå Zamalek til Mohandeseen i Kairo. Her er noko eg ikkje kan fortelje deg: nøyaktig kor bestemor skal når ho seier ho skal gå tur til Håtveite.

Håtveite? Eg nikkar og smiler. Ho ser på meg og trekk pusten djupt. Eg veit at ho veit at eg ikkje veit. Det er på tide å gjere noko.

Eg kvinnar meg opp til kamp, dreg sverdet ut av slira og trykker play. Ragnar Lodbrok. Lagertha. Bjørn. På skjermen kjempar forfedra våre i «The Vikings» til blodet sprutar mot menn, gudar og eigne demonar. Kunnskapen renn inn, men min kamp sluttar ikkje der. Eg vandrar til biblioteket, låner boka «Norrøne forvandlinger». Loggar meg inn på språkappen Memrise, puggar futhark-runer. Går ein omveg om det kyrilliske alfabetet, vender tilbake mot røtene, til íslenska, kanskje det næraste ein kjem norrønt i dag. Opphavet. Nasen min.

Det er eit ordtak som seier at «du må sjå lenger enn din eigen nase.» Eller noko sånt. Me har alltid sett utover, Ragnar og eg. Mot horisonten, det ukjende. Mot sjansen til å oppleve alt for første gong, éin gong til. Men så var det den nasen, då. Eg blundar att det eine auga, så det andre. Greier slett ikkje å få eit ordentleg bilete av kosteskaftet mitt. Ein skulle tru at ved å dra langt nok bort, vil eit ferst perspektivet få nasen til å stå fram i all sin prakt. Slik er det ikkje, ikkje nødvendigvis. Ein lærer ikkje sverdkamp av HBO heller.

Kvar gong norsk geografi uungåeeg blir temaet på quizen, verkar sigeren fjernare for kvart nye spørsmål. Kva fylke grensar Oppland til, liksom? Ragnarok er nær! Det står ikkje betre til når det gjeld annan lokalkunnskap. Ein gong fekk eg spørsmål av ei egyptisk lærerinne: «Er det ikkje Norge som har to språk?» Eg såg uforståande på ho. To språk? «Nei,» sa eg. Det har me i alle fall ikkje.

Og strender, det finst det forresten ingen av her til lands heller, ifølgje meg ein vinterdag i Alpane. Utan evna til å sjå min eigen nase, spreiar eg med glede usannheiter om land, folk og historie.

Eg kjenner ikkje min eigen bakgård. Blikket vandrar stadig forbi nasetippen, mot katastrofene i Palestina og Syria, mot Donald Trump. Augelegen min tek definitivt feil: Eg må vere langsynt. Og eg trur det er all denne stirringa ut i det uendelege som gjer det. No har eg i tillegg eit nytt distanseprosjekt på gang: å ta bilete av Melkevegen. Herre min hatt, ya Allah! Nei, eg meiner, i namnet til Odin!

Det er på tide å vende heim att. Vikingane brukte Polarstjerna for å navigere til sjøs. Kanskje, viss eg føl denne, finn eg både min eigen nasetipp og Håtveite. Og kanskje det er den beste plassen i heile universet.