Erik laga animasjon til Rihanna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vart oppdaga på Instagram

– Det var litt rart å sitje på mitt litle kjellarkontor og lage noko som skulle på ein storskjerm i Hollywood eller LA.

Erik Ferguson frå Bergen laga nyleg animasjonen til opningsnummeret av Rihanna under MTV Video Music Awards. Han har også gjort oppdrag for The Game Awards, ei prisutdeling innan spel i Los Angeles.

Trass i dette har ikkje 37-åringen noko formell utdanning i animasjon.

– Eg begynte på teatervitskap i mangel på betre planar. Så bestemte eg meg for å studere medievitskap i Skottland. Omtrent på same tid oppdaga eg dei ulike animasjonsprogramma. Meg og ein kompis dreiv og redigerte program og la på effektar. Så var det gjort, seier han.

Om dagen gjekk han i førelesningar og leverte inn eksamen, mens han om natta lærte seg å animere.

– Du veit når du droppar å dusje eller ete fordi heller vil lære meir. Det er litt sånn. Du berre forsvinn inn i arbeidet.

LES OGSÅ: Brukte tre månadar på reven i Ylvis-suksessen «The Fox»

Ein leiesoldat
Attende i Norge starta Ferguson og fire andre eige firma. Men firmaet sklei ut, og Ferguson vert deretter tilsett av eit selskap kalla Bug, som lagar animasjonen til snuttane som går mellom programma på TV.

I dag trivst han i frilanstilværet, men har lurt på å tilsette nokon som kan ta seg av det administrative. Det renn nemleg inn med tilbod, både seriøse og mindre seriøse.

– Er det mange frilansarar innan animasjon?

– Ja, masse. Vi blir ofte kalla leigesoldatar. Ein må dra frå by til by, prosjekt til prosjekt og så vidare. Det er eit spesielt liv, som ikkje er så familievennleg. Men det kan jo vere kjekt å reise, og så er det relativt godt betalt.  

Sjå Erik Ferguson og Rihanna sitt arbeid på årets MTV Video Music Awards:

Rosa luftputer
For det meste jobbar Ferguson med lyssetting, effektar og å sette saman bilde. Særleg animerer han ormar eller ulike kroppsdelar som rører på seg.

Med slike illustrasjonar har han vorte synleg i sosiale medier og har over 81.000 følgjarar på Instagram.

– Det er liksom litt gamaldags med heimeside no. Det er gjennom Instagram at folk veit kven eg er, slår han fast.

Det var også Instagram som skaffa han oppdraget for Rihanna sitt opningsnummer. Han sat hos ein kompis ein fredag kveld då ei dame tok kontakt angåande eit hasteoppdrag for MTV Video Music Awards. Åtte dagar seinare, etter intens jobbing i kjellarkontoret, dundra svære, rosa luftputer på ein skjerm bak Rihanna.

– Eg var litt nervøs for at dei berre hadde droppa det, men det gjorde dei heldigvis ikkje. Det var utruleg gøy å vere med på.

På nyåret skal han lage ulike episodar basert på ein karakter han har utvikla, for Adult Swin – eit amerikansk selskap som også står bak suksess-serien Family Guy.

– Animasjon kan nyttast til det meste, både kommersielt og til dømes innan medisin. Med tanke på den teknologiske utviklinga, ser det lyst ut for framtida, avsluttar leigesoldaten.  

Frå Tom Waits til «Take on me» – sjå dei klassiske animerte musikkvideoane her!

@fergemanden