Norske bilete frå 1900-talet går viralt i USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unike bilde frå Sogn går viralt

Saka var først publisert hjå Porten.no.

Den amerikanske nyheitsnettstaden Mashable har ifølgje eigne tal 45 millionar lesarar i månaden og blir følgt av 28 millionar menneske på sosiale medium. Her handlar det om klikk, delingar og konstante forsøk på å skape det neste store internettfenomenet.

Akkurat no, viss du scrollar litt ned på sida deira, finn du eitt slikt forsøk. Under tittelen «Stunning 1900 images record Norwegian villagers amid epic landscapes»  har dei samla eit knippe historiske bilete frå Sogn på 1900-talet, tatt av den først emigrerte, så heimflytta sogndølen Nils Olsson Reppen.

I skrivande stund har artikkelen blitt delt over 4,5 tusen gonger, fjerde mest av alle artiklane på framsida.

– Fylkesarkivet gjer ein fantastisk jobb med bilete og det er utruleg artig at det blir lagt merke til. Mashable er ein stor mediaktør og det er veldig mange som les dei postane, seier Ingvild Ramstad, informasjonssjef i fylkeskommunen.

Ho fortel at det ikkje er første gong den amerikanske nettstaden viser interesse for fylkesarkivet. Tidlegare i haust laga dei ein artikkel om handfarga turistfotografi frå Vestlandet, også dei frå 1900-talet.

– At gamle bilete frå Sogn og Fjordane nærast blir eit viralt fenomen, det synst vi er kjempemoro, seier Ramstad.

På Flickr, ei nettside for deling av bilete, har fylkesarkivet ein eigen konto som er vel verdt å bla gjennom, spesielt om du har litt ekstra god tid. All merksemda, ikkje minst frå deletenesta sjølv, har gjort at fylkesarkivet på det meste har fått over hundre tusen sidevisningar på éin dag.

– Merksemda blir veldig stor. Vi får mange fleire klikk enn det vi i fylkeskommunen er vande til, seier Ramstad.


Engelske turistar i Balestrand kosar seg med aviser frå heimlandet. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.



Bryllaupet til Lars Eide and Gjertrud Leite i Sogndal trakk mykje folk. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Gravferda til Ola Lasseson Uglum i Sogndalsdalen. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Tøger L. Kronen (1843-1909) og sonen Tøger Kronen (1891-1969) i Jostedalen. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Nils Hove og Ingebrigt Nes køyrer oksekjerra gjennom Sogndal. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.


Også i gamle dagar sette dei pris på luftige vinklar. Flåm i bakgrunnen. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.