Knut Henriksen (27) fryktar ikkje at maskinane skal ta jobben hans.

mm

– Den første maskinen samlar ti og ti mjølkekartongar i avlange, blå brett. Vi kallar han ein «brettisettar», seier Knut Flage Henriksen (27) om roboten som tek imot mjølkekartongar med det klassiske julemotivet på.

Henriksen er systemingeniør i firmaet Swisslog, og har arbeidsplassen sin på hovudlageret til TINE Lagerdrift på Alnabru utanfor Oslo. Der har han ansvaret for at eit titals robotar gjer som dei skal.

Julemjølk til alle
Lageret, som i praksis er eit gigantisk kjøleskåp, held 2-3 grader døgnet rundt, heile året. Her sorterer TINE kartongar med mjølk, juice og fløyte til varelevering på Austlandet, samt til langtransport til andre delar av landet.

– Det neste som skjer er at maskinen vi kallar «rulleburfyllaren» tek over. Han stablar mjølka i eit rullebur. Det er plass til 160 liter mjølk i kvart rullebur, forklarar Henriksen.

Dei fullasta rullebura tek deretter heisen opp til neste robot, «pallastaren», som løftar fire rullebur over på ein palle. Eit nytt transportband flyttar pallen vidare innover i lageret.

LES OGSÅ: Saftbygdas svar på Silicon Valley

Mellomlagring
Avhengig av bestilling og varer på lager, går pallen anten til ei kort mellomlagring, eller rett ut til ein kunde.

– Butikkane bestiller anten fulle rullebur med eit produkt, eller eit rullebur som inneheld ulike varer. Det er når robotane må sortere og sette saman ulike varer at det vert moro, seier Henriksen.

Først vert rullebura løfta av pallen av ein «pallavlastar» og mellomlagra på eit venteområde. Dei enklaste bestillingane tek «skyttelvognene» seg av, og sorterer ut fullasta rullebur som skal rett ut til kundane.

«Plukk og miks»-bestillingane er det robotane i «ORM» som handterer.

LES OGSÅ: Robotar frå Sogndal får hjelp av EU til å erobre verda

Bilbane for mjølkekartongar
ORM står for «order release module», og er eit nettverk av maskiner, rulleband og mjølkekartongar, om lag som ei racerbilbane for vaksne. Blåbretta med mjølkekartongar vert lasta ut av rulleburet og sendt til ei kort mellomlagring midt inne i ORMen.

– I hjartet av ORMen er det ei bane for kvart produkt, og systemet held styr på kva som står kvar, forklarar Henriksen.

På den andre sida av maskina er det eit nytt rulleband, og systemet som mottek bestillingar set saman den rette kombinasjonen av produkt ved å dytte varene ut på rullebandet.

– Maskinane sørgjer for at dei rette produkta vert dytta ut i rette rekkeflølgje, slik at dei landar i same rullebur til slutt.

Ingen Skynet
Han er ikkje redd for at maskinene skal lage ugagn.

– Desse maskinene har ingen gruppementalitet, dei har ingen sentral «hjerne», og svært avgrensa tilgong til systemet. Kvar av maskinene kan berre utføre eitt sett med oppgåver, og kontakten mellom dei ulike robotane er også strengt regulert.

Maskinene som handterer lageret til TINE har ingen kapasitet for læring. Det trur Henriksen kjem til å endre seg i framtida.

– Intelligente system er det neste, særleg der robotane samarbeider med menneske. Til dømes kan framtidas robotar få fridom til å sjølv finne beste måte å flytte ein mjølkekartong frå A til B, utan at ein person har programmert inn alle alternativa. Systemet får oversikt og finn den beste løysinga sjølv.

LES OGSÅ: Kunstig mjølk kjem snart på marknaden

Mindre energi
Også innen energieffektivisering kan smarte robotar bidra.

– Dersom systemet har oversikt over produksjonsnivået til ein kvar tid, kan det til dømes justere hastigheiten på maskinene, slik at ein reduserer slitasje og straumforbruk, seier han.

Statistisk sentralbyrå estimerer at om lag kvar tredje jobb vil kunne bli erstatta av maskiner, og Teknologirådet har ei liknande prognose for tida fram mot år 2030. Henriksen er ikkje redd for at maskinene skal ta jobben hans.

– Desse robotane her vert nok aldri smartare enn det ein set dei til å gjere, så det er fortsatt vi menneske som kontrollerer dei.

TINEKnutFramforTINEWeb
Systemingeniør Knut F. Henriksen har ansvaret for at eit titals robotar på hovudlageret til TINE Lagerdrift på Alnabru utanfor Oslo gjer som dei skal.

Lunefulle robotar
Det er ikkje alltid at ORMen samarbeider, så nokre gongar må Henriksen eller kollegaene hans gi roboten ei hjelpande hand.

– Den kan vere litt lunefull, men alle maskinene har sine eigne temperament, seier han.

Det assorterte utvalet av lettmjølk, heilmjølk og kremfløyte vert stabla tilbake i eit rullebur, før buret tek heisen ned ein etasje. Der står ei stor gruppe menn og kvinner klare til å fylle på med varer som ikkje kan transporterast av robotane, slik som yoghurt, gulost og kesam.

– Dei tilsette nyttar spesiallaga truckar, hentar nokre varer manuelt frå hyllene, og køyrer av og til inn i eitt av dei to høglagera våre, der opp til 14 000 pallar med varer står oppstilt. Der står det også eit par 18 meter høge robotar som sorterer, hentar ut og forsyner plukkarane med det dei treng.

LES OGSÅ: Desse kyrne lever med hol i magen

Menneske og maskiner
ORMen kan fylle opp mot 500 rullebur i timen, og mange av desse treng manuell påfylling av varer. Når TINE har makismal produksjon er det behov for 80 personar til å plukke varer slik at leveransane går ut som dei skal.

– Sjølv om maskinene erstattar nokre tilsette, er det samtidig viktig at maskinene legg til rette for at det manuelle arbeidet vert ergonomisk og sikkert, forklarar Henriksen.

Også sjefane i Tine er opptekne av at moderne maskiner vert utnytta i eit samspel med dei tilsette.

– Noko av det mest med spennende ny teknologi er at det også vil krevje ny kompetanse hos dei som kontrollerer teknologien. Også i framtida vil TINE vere ei verksemd der menneska har ein sentral plass, uttalar Roy Finden, stabsleiar i TINE Lagerdrift Oslo.

Når plukkarane har samla dei siste varene som skal med i bestillinga, plasserer dei rullleburet ved inngangen til ein transportrobot kalla ein «trolley». Systemet scannar strekkoden på rulleburet, og hentar fram kva som er innhaldet og kvar rulleburet skal leverast. Systemet gir kvart rullebur ein strekkode og eit nummer, og arbeidarar gjer buret klart til henting av ein lastebil.

– Frå tapping og heilt fram til kunden grip tak i kartongen i ei butikkhylle, er det ingen menneske som har berørt mjølkekartongen, seier Henriksen.

TINEKartongarKunstWeb
Rullebur fulle av mjølkekartongar står oppstilt i lageret, klare til å sendast ut til kundane.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE