«Hver gang du forlater meg» er kåra til Årets bok av ARK sine lesarar.

Faktaboks

Linnéa Myhre (1990) er frå Molde

Har tidlegare gitt ut Evig søndag (2012) og Kjære (2014)


LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg vil gjerne rette ein stor takk til alle som les – det hadde openbert ikkje blitt noko av noko som helst utan dykk, seier bloggar og forfattar Linnéa Myhre ifølgje pressemeldinga frå bokkjeda ARK.

Hennar tredje bok, Hver gang du forlater meg, er kåra til Årets bok 2016 av ARK sine lesarar.

– Eg er så ufatteleg stolt og takksam for at folk har stemt fram mi bok at eg kan ikkje få sagt det nok. Eg er heldig som har så trufaste og dedikerte lesarar, og ikkje minst pålogga lesarar som heiar meg fram, sa Myhre då ho fekk nyheita av forlaget.

Nyheita kjem kort tid etter at romanen for andre gang vart droppa av Kulturrådet si innkjøpsordning. Boka blir ikkje kjøpt inn til alle landets bibliotek fordi Kulturrådet meiner romanen ikkje har tilstrekkeleg litterær kvalitet, ifølgje NRK

Forlaget Tiden informerer om at Hver gang du forlater meg så langt er kome ut i to opplag og nærmar seg 10.000 selte eksemplar. Tilsaman har Myhre sine tre utgjevingar selt i 70.000 eksemplar.

ARK-vener
Blant dei andre nominerte var forfattarar som Elena Ferrante, Ruth Lillegraven, Åsne Seierstad, Vigdis Hjorth, Frode Grytten og Karl Ove Knausgård. Sjå heile lista her.

Dei nominerte var valt ut ved at dei 10.000 mestlesande ARK-venene fikk nominera sine tre favorittar frå bokåret 2016. Desse vart korta ned til 30 nominasjonar, som alle registrerte ARK-vener fekk stemme på.

Då prisen vart delt ut for fyrste gong i fjor gjekk sigeren til Siri Pettersen for fantasyroman Evna.

Prisen er på 25 000 kroner.

LES OGSÅ:

Linnéa Myhre vil ha aldersgrense for blogging

Hypnose gav Linnéa Myhre ideen til romanen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE