«Ekte superheltar har beina på jorda»

Eg ville aldri blitt forfattar, viss eg ikkje hadde vore så glad i bøker.

Ingelin Røssland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå den dagen eg kunne lesa sjølv, så las eg alt eg kom over, og for det meste heilt ukritisk. Ingenting var betre enn å ligga på senga og lesa meg langt bort. Gammalmodige pike- og guttebøker, cowboybøker, folkeeventyr, spaning, fantasy, krim, bibelhistorie,  faktabøker, biografiar, historiske romanar og kjærleiksromanar.

Alt blei lese frå perm til perm, og det meste var gløymt i den augneblinken eg opna neste bok.

Men midt i fråtseriet, så var det nokre godbitar som fekk meg til å stoppa opp og tenka etter. Felles for desse bøkene var at dei var realistisk litteratur. Det dreia seg om bøker som Ingen drittunge lenger av Rune Belsvik, Svart kajal av Per Knutsen, Kjære Timo av Elin Brodin, Hvite Niggere av Ingvar Ambjørnsen,  Anne + Jørgen = sant av Vigdis Hjort og Jeg tar sjansen av Ulf Stark.

Eg likte realismen fordi den kunne vera både vond og farlig, og eg følte sterkt at den var skrive av modige forfattarar som gjekk rett på sak og skreiv om det som betydde noko. Dramaet var inni hovudpersonane, eit rop om kjærleik er meir farlig enn ei vond heks i verda bak klesskapet. For meg er det meir interessant med personar som prøver å finna plassen sin i denne verda enn i ei eventyrverd. Når det er sagt, så synest eg fantasybøker også er viktige. Eg er for litterært mangfald. Alt er lov.

Eit kall?

Alt som fem- eller seksåring var eg sikker på at eg skulle bli forfattar, og hadde nok til dels litt høge tankar om eige talent.

I mitt dramatiske sinn tenkte eg at eg hadde eit kall, at det å bli forfattar var lagnaden min. Eg hadde jo ein onkel som var forfattar, så eg var overtydd om at det låg i blodet. Desse grandiose tankane var blanda med kjensla av at eg ikkje var bra nok. Eg måtte prestera noko på eit eller anna plan for å bli likt og akseptert.

Eg hugsar at eg var misunnelig på dei rundt meg som verka ha det så lett, dei som var populære utan eigentlig å gjera noko for det. Dei som hadde den eine kjærasten etter den andre, og som læraren likte sjølv om han eller ho ikkje hadde toppkarakterar. Som kvisete tenåring hugsar eg at eg såg meg i spegelen og ønskte at eg kunne bli pen og dum. Det ønsket skjøna eg at ikkje kunne bli oppfylt, i alle fall ikkje meir enn den halvparten om å bli dum. Eg måtte jobba for å bli noko meir enn berre Ingelin, eg ville bli forfattaren.

Det er dette som får meg til å innsjå at det ikkje berre var eit kall, men også eit ønske om å bli sett, elska og beundra som dreiv meg.

Hunger
Djupast sett skriv eg same bok om og om igjen, alltid med same tema. Det heile kan oppsummerast i eit spørsmål: Kor langt er ein villig til å gå for å oppnå kjærleik? Legg merke til at det står oppnå, ikkje oppleva. Det er med andre ord noko ein må kjempa for. Har ein ei sunn sjølvkjensle så veit ein at ein ikkje treng å kjempa for det. Det er faktisk nok å berre vera.

Bøkene mine handlar altså om personar som ønskjer å bli likt og elska. Også dei som tilsynelatande støyter andre bort, har det same suget etter å bli sett. Dei er alle dømt til å mislukkast, eller i beste fall til å oppleva ei forbigåande lindring.

I Handgranateple er temaet mest tydelig, og  hovudpersonen går alt for langt i sin hunger etter å endelig få vera blant dei kule. Anja er villig til å brenna eit anna menneske med glødande sigarettar for å få vera inni varmen hos Malin. Det viser kor farlig det er når barn ikkje får bygd opp eit sunt sjølvbilete. Det er ofte snakk om at barn må bli oppdratt, men eigentlig er det sjølvkjensle dei treng. Den med sunn sjølvkjensle mobbar ikkje, stel ikkje og snakkar ikkje stygt om andre, fordi han eller ho har ikkje den botnlause trongen for å bli elska av kven som helst. Han eller ho berre veit det. Denne tryggleiken er eit resultat av at mor, far eller ein annan omsorgsperson har lukkast med tilknytinga til barnet.

Det er nemlig ikkje sånn at barn automatisk veit at dei er elska av foreldra for den dei er, ofte trur dei at dei må vera snille og flink jente eller gut for at foreldra skal elska dei. Mange får leva med dette barndomssåret heile livet, og ikkje sjeldan overfører dei såret til neste generasjon.

Den med for låg sjølvkjensle trur ikkje at det kan vera sant at han/ho er elska, sjølv om han/ho er elska, likt og kanskje til og med oppnår å bli beundra seinare i livet. Dei veit at det ikkje er fortent, og at dei når som helst skal bli avslørte og avviste. Denne lidinga blir kalla «bedragarsyndromet».

Den som heile tida kavar for å motbevisa for seg sjølv at han eller ho er ein bedragar, kan koma så ut av kontroll at det fører til utbrenning. Men skal ein få fine roser må ein ha møk i blomsterbedet, så i si mest konstruktive form kan all skit føra til at ein endar opp som forfattar.

Alle treng ein superhelt

Dei fleste bøkene mine handlar om heilt vanlige folk, mens Engel Winge ville likt å bli kalla ei superheltinne.

På spørsmålet «kor langt er du villig til å gå for å oppnå kjærleik?» så ville ho trulig svart: «Eg drit i kva andre meiner». Det er nettopp eit sånt svar som gjorde det så frigjerande å skriva om henne. Sjølv om det er snakk om bøker den handlingsdrivne sjangeren action/ krim, så er bøkene like mykje karakterdrivne.

Engel Winge er det viktigaste med bøkene, hennar pågangsmot, sjølvtillit og at ho kan la ein gut fingra henne for så å avfeia han som hore etterpå. Ho går på tvers av alt det fine og snille jenter skal vera, og i det kjenner ho seg suveren. Engel har også sine sår, men ho er ikkje typen til å sutra over det. Ho berre peiser på vidare.

Tanken bak Engel Winge, var å gi jenter eit tøft førebilete, visa at det er ok å berre ta for seg. Eg veit ikkje om bøkene enda opp med å inspirera så mange ungjenter, men ein ting er sikkert, og det er at eg hadde godt av å leva med Engel. Ho gjorde meg tøffare og inspirerte meg til å våga meir.

Som forfattar kjenner eg ofte at eg kan tvila på det eg skriv. Tvilen kan bli heilt lammande. Eg kan bli heilt overtydd om at eg aldri nokon sinne vil greia å skriva noko vettig fleire gonger. Det er då Engel Winge hoppar fram. Ho gir meg ein på trynet, slenger meg inn i dusjen og skrur på det kalde vatnet før ho gir meg svart kaffi og jagar meg inn på kontoret.

Det hjelper ikkje å protestera.

«Hald kjeft og skriv», seier ho.

«Men alle dei andre er flinkare enn meg», protesterer eg.

«Drit i dei andre», seier Engel.

«Eg får det ikkje til», sutrar eg vidare.

«You fake it till you make it», seier ho.

«Det er ein klisjé», parerer eg.

«Det er du også», svarer ho og flirer rått.

Det må vera ei meining med det heile
Av og til så er det å skriva eit sant helvete. Det får meg til å tenka på det lærarane på Bergen Teaterskole sa til oss. Dei sa at viss ein ikkje absolutt måtte bli skodespelar, så skulle ein la vera. Eg visste med meg sjølv at eg ikkje måtte bli skodespelar.

Teaterskulen resulterte i at eg hadde utdanna meg til ikkje å bli skodespelar. Mens eg gjekk der og var ein mislukka skodespelarspire, skreiv eg roman i smug.

Skrivinga fekk meg til å kjenna meg levande, skrivinga var noko eg måtte. Sånn har eg det framleis, sjølv når eg kjenner meg fullstendig talentlaus og teit, så veit eg at eg må. Det at skrivinga får meg til å kjenna meg levande, er i grunnen meir viktig enn å bli sett og elska. Som Engel Winge har eg etter kvart lært meg i å drita i dei andre.          

Eg skriv ikkje berre fordi det kan kjennast godt, eg trur også at litteratur er livsnødvendig. Særlig viktig er dei bøkene ein les i barne- og ungdomsåra. Rett bok til rett tid kan gi ei heilt ny innsikt i livet, den kan vekka kjensler du ikkje visste du hadde, vera ei hand og halda i om du har det kjipt, setja ord på korleis du føler det inni deg eller berre fortelja deg at du ikkje er åleine verken om dei tankane eller kjenslene du ber på. Ei god bok kan fortelja deg at du er ok som du er. Ei god bok kan gi deg spørsmål som er langt viktigare enn svaret.

På eit punkt er barne- og ungdomsbokforfattarar spesielt heldige, og det er at me får reisa rundt på skular i heile landet og møta barn og unge, både av den leseglade og den bokhatande typen. Uansett så resulterer desse møta veldig ofte i interessante samtalar med elevane, og derfor har bøkene også ein verdi som samtalestartarar. Så dei gongene eg kjenner meg svak i trua, og ikkje ein gong min indre Engel Winge kan få meg til å skriva, så hjelper det alltid å møta barn og unge.

All j….. støy
Då eg skreiv den første boka hadde eg ikkje så godt som ei e-postadresse og enno mindre internett.

Viss du vil skreiv eg på søndag formiddagar, sidan eg ikkje hadde noko anna å finna på.

Etter debuten fekk eg raskt ei eiga nettside, eiga e-postadresse og har periodevis vore veldig aktiv på sosiale media.

Heile tida har eg hatt eit mantra, og det er at ein skal bruka sosiale media, men ikkje la seg bli oppslukt.

Sosiale media er ein uforpliktande fest der ein kan koma og gå som ein vil, og ingen krev at du skal dela meir enn du kjenner for. I si beste form gir sosiale media både underhaldning, avkopling og nye tankar. Det er ikkje alltid så lett likevel, særlig sidan eg har ei litt ekstrem og grenselaus side. Den sida er veldig bra å ha når eg skal forsvinna inn i eit skriveprosjekt, men ikkje like positiv når eg like gjerne kan forsvinna inn i Farmville eller andre idiotiske spel via Facebook.

Eg kan også ha ein tendens til å overinformera meg sjølv, og lesa alt av nyheiter på absolutt alt av nettaviser og bloggar.

På sosiale media, så kan ein jo også få eit inntrykk av at det er så lett for alle andre forfattarar. Alle andre berre svevar frå bokprosjekt til bokprosjekt, boblar over av gode idear og når dei kviler så drikk dei raudvin og ser meditativt utover den uklipte plenen. Det seier seg sjølv at ein lyt ha eit solid bullshit-filter, for internett er kome for å bli, 1990-talet er forbi og midt i alt må ein læra seg å stå stille.

Min metode er å meditera.

Det var Rune Belsvik som fortalte meg om meditasjon på eit NBU-møte. «Du må meditera viss du skal greia dette», sa han. «Ja», sa eg. Det er det beste rådet eg nokon gong har fått. Å meditera er vanskelig, nokre gonger eit reint helvete, nett som å skriva. Det er vel derfor eg likar det, fordi det er vondt, men av og til gir strimer av lys og ro. Samtidig har det gitt meg mot til å seia nei. «Nei» er det viktigaste ordet å læra seg, viss ein skal få gjort noko som helst.

Tango i blinde
Dei seinaste åra har eg fått inntrykk av at det nesten er like interessant korleis ein forfattar skriv som kva han eller ho skriv. Kva er løyndomen? Finst det eit svar? Ein formel som passar alle?

Då eg debuterte som 22-åring var eg veldig upolert, min einaste skule var bøkene eg hadde lese.

Eg skal innrømma at eg til og med syntes at skrivekurs og forfattarutdanningar var for pyser.

Dei tre første bøkene mine Viss du vil, Kunsten å inhalera og Flyt, handlar ikkje om noko spesielt. Det er heilt vanlige tenåringar som vimsar rundt med ganske så små, normale og udramatiske problem.

Bøkene er skrivne utan disposisjon, tanke om ein bodskap til lesaren eller andre kongstankar. Likevel har bøkene ein klar dramaturgi, og til dags dato er det Kunsten å inhalera som har den mest perfekte dramatiske kurven av bøkene eg har skrive. Grunnen til dette, er at eg las så mange bøker i oppveksten, at eg skjønte korleis ei bok skulle vera utan å få det teoretisert.

Dei første bøkene var også skrivne i løynd, noko som var trygt og godt. Det var ingen utanforståande som visste at eg skreiv dei, før kontrakten var signert og omslaget designa.

Etter tredje boka kjente eg at eg kunne kalla meg forfattar, og samtidig kom eit ønske om å skriva noko viktig. Med dette begynte problema. Eg begynte å tenka for komplisert, og det at eg no hadde begynt å seia at eg var forfattar var skremmande.

Neste bok, Handgranateple, tok det meg fire år å skriva. Eg unnskylda meg med at eg var journalist med ein altoppslukande jobb i NRK. Med Handgranateple var uskulda borte for godt. Der eg i utgangspunktet hadde vore stolt over at eg kunne skriva bøker utan å ha lært det, var eg no fylt av tvil. Eg såg på alle dei andre som var så smarte og kunne så mykje. Dei som var fulle av gode råd, og som kunne analysera og prata teoretisk om forfattarjobben sin. Dette førte til at eg begynte å lesa bøker om skrivekunsten, for å kunna setja ord på det eg i byrjinga gjorde reint intuitivt.

Sjølv om eg lærte mange smarte ting, så merka eg også at det blei meir rotete i hovudet. Det var som då eg skulle læra å dansa tango. I byrjinga kunne eg dansa heile natta utan å tenka på at eg skulle vera god, men då eg begynte å ta timar blei eg berre dårligare og dårligare. Til slutt brølte læraren at eg skulle slutta å tenka så mykje. Han bad meg om å lukka augo før han begynte å nynna lågt inn i øyra mitt. Han slutta ikkje å nynna eller losna grepet i meg før eg slapp taket. For ei kort stund kunne eg dansa tango.

Det heile handlar om tillit, sleppa taket og la hjarta ta føringa. Ein forfattarkollega gav meg ein gong følgjande kompliment: «Dei gongene du skriv godt, så skriv du jævlig godt.» I same setning så låg det motsette, at eg også er i stand til å skriva ekstremt dårlig. Det er ein risk alle forfattarar som skriv med hjarta lyt ta. Det er ein risk eg gjerne tar, og eg er takksam kvar gong hjarta fører meg og bokprosjektet mitt trygt i hamn.

Les meir om jubileumsboka til Falturiltu!

Faktaboks

► Denne teksten står på trykk i jubileumsboka «Falturiltu. Kjærleik til nynorsk barnelitteratur gjennom ti år».

► Ingelin Røssland (40) debuterte med romanen «Viss du vil» i 1998, og har seinare gjeve ut ei rekkje bøker, og vunne fleire prisar.
► Ho er utdanna journalist og skodespelar, og har bakgrunn som journalist i Tysnes, Haugesunds Avis og Hardanger Folkeblad. Ho har også vore tilsett i NRK-programmet «Newton».
► Har sidan 2009 budd i Stockholm.
► Var festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu i 2011.