Ny skifilm frå Sunnmøre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Det som hovudsakleg skil denne frå den førre filmen er at vi har hatt med oss utøvarar innan fleire forskjellige idrettsgreiner. Storyen blir helt annerleis. Det var en enormt lagbyggande tur, der vi fekk fram mangfaldet av moglegheiter på Sunnmøre, seier skikøyrar Karsten Gefle i ei pressemelding.

Den første filmen, «Don't crack under pressure», kom i fjor, og viste spektakulære scener frå skikøyring i Sunnmørsalpane. No er oppfølgaren, «Don't crack under pressure 2», klar. Det er det franske selskapet Nuit de la Glisse og filmskaparen Thierry Donard som står bak.

Donard har laga ekstremsportfilmar i over 30 år. Oppfølgarfilmen har verdspremiere i Paris 18. november, og legg deretter ut på ein to veker lang verdsturné. Denne kjem til Oslo og Colusseum Kino 24. november.

– Sjølv om filmen har vorte filma på mange fantastiske og unike destinasjonar, vart Sunnmøre lagt spesielt merke til. Eg trur kombinasjonen av fjord, fjell og skikøyring er så unik at mange ikkje heilt forstår at det er mogleg, seier Gefle.

Karsten Gefle, Wille Lindberg og Loïc Collomb-Patton køyrer ski på filmen, medan Matt Annetts køyrer snøbrett. I tillegg til ski- og brettkøyring inkluderer filmen kitesurfing, surfing, fridykking og eit segment med wingsuit.

– Det er klart at når vi sel inn Sunnmøre slik det kan vere når alt stemmer, så sit du med eit ganske stort press på deg. Det betyr mykje for meg at vi fekk det til, seier Gefle.