Dei vil redde reinsdyr med offentlege data

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Korleis skal ein unngå at reinsdyrflokkar blir påkøyrt av toget? Kan ein bruke svartelista mat til å lage noko godt? Og kor stammar vesena og historiene i folketrua frå?

Dette er berre noko av det ein kan få løysingar til frå innovative nordmenn som ønskjer å bruke offentlege data til å skape nye og samfunnsnyttige produkt.

Inspirasjon
#Hack4no er eit datatreff, eit såkalla hackathon, som blir arrangert kvart år av Kartverket og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Målet er å inspirere folk til å bruke opne, offentlege data til å lage nye ting – som appar, nettsider og andre tenester – og på den måten også skape nye arbeidsplassar.

I årets konkurranse vart fire bidrag premierte, og to av dei skal vidare til hackathonet Slush i Helsingfors, som er ein slags nordisk finale.

– Vi i Kartverket og i staten har mykje data, og veldig mykje av dette er frigjeve til bruk for alle. Vi ser at det ligg eit stort potensial her som kanskje ikkje blir brukt godt nok, og derfor held vi eit slikt arrangement, seier Sveinung Engeland, kommunikasjonsrådgjevar i Kartverket og prosjektleiar for #hack4no, til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: Regjeringa frigir fleire offentlege data

Ros
Fleire av prosjekta kan gi smarte løysingar på dagsaktuelle problem, ikkje minst hovudvinnaren Savemyreindeer, som jobbar med å utvikle automatisk varsling av reinsdyr på toglinja.

– Vi har i fleire år drive på med utvikle sporingseiningar for sau, og desse blei etter kvart spurde etter for rein. Så no jobbar vi vidare med å få teknologien på plass, og så håpar vi å få Jernbaneverket med på laget, seier Marit Mjøen Solem i Savemyreindeer, som er tydeleg på at #hack4no har vore til stor hjelp for bedrifta hennar.

– Vi var i utgangspunktet spente og usikre på kva vi gjekk til. Men det vi kom inn i var ei enormt positiv setting, der data er tilgjengelege og aktørane på tilbodssida er skikkeleg på hogget med å hjelpe folk og sjå moglegheiter. Det var nesten som å kome til himmelen for oss, seier ho entusiastisk.

LES OGSÅ: Slik får du nynorsk autokorrektur på Android-telefonen din

Skjult
Skjult-laget vil formidle folketru og gamle historier på nytt vis. Frå venstre: Torkel Velure, Frans Joakim Titulaer, Pål Rørby, Victor Finnerud og May-Lene Gjerde. Foto: Kartverket

Trolljakt
Også Skjult, som kom på 3.-plass i #hack4no, er klar for den nordiske finalen i Helsingfors. Dei satsar på utvikling av ei teneste som skal bevare og formidle vidare gamle historier og folketru.

– Her er det snakk om ein litt Pokémon Go-aktig app der ein skal ut og jakte – ikkje på pokémon – men på troll og tussar og vetter og slikt. Når ein går tur, vil ein då kunne få opp historiene, segnene og eventyra på den staden, forklarar Engeland i Kartverket.

– Dette laget blei sett saman spontant her på #hack4no. Ein gründer frå Hemsedal med interesse for folkeeventyr fekk med seg nokre studentar frå høgskulen her på Hønefoss og frå Oslo, og så klarte dei å utvikle ein idé som kom på sigerspallen, held han fram.

LES OGSÅ: Danmark startar hackerakademi

Miljøgevinst
Ein beint fram matnyttig idé kjem frå gjengen som tok 2.-plassen i konkurransen. «Farlig godt» vil med nye oppskrifter få folk til å bruke svartelista artar (artar som blir rekna som ein trugsel for naturmangfaldet, red. mrk.) i mat og på den måten ete seg gjennom ei miljøutfordring.

Også dette temaet er dagsaktuelt med tanke på den uønskte stillehavsøstersen, som har spreidd seg i stor fart langs delar av norskekysten.

– Vi er veldig glade for at vi deltok på #hack4no. Det er veldig kjekt at noko slikt finst, og det er eigentleg heilt perfekt for slike som oss. Vi hadde ein idé, kom dit og fekk mykje hjelp med datasett og alt vi ønskte, i tillegg til at vi fekk mange kontaktar, fortel Agne Ødegaard, webutviklingsstudent og ein av personane bak Farlig godt.

– Vi er eigentleg ikkje så langt unna realisering. Vi har laga mange nettsider før, men no må vi finne startoppskriftene. Mellom anna er vi i samtaler med ein kokk som likte ideen vår, seier han.

LES OGSÅ: Norge på digitaltoppen i Europa

Har lukkast
Det kan vere lang veg frå idé til ei ferdig utvikla teneste, men prosjektleiar Engeland fortel at fleire idear frå tidlegare #hack4no er blitt sett ut i livet.

– Ja, fleire av prosjekta er komne ut i Google Play og App Store og er populære der. Men til dømes eitt av vinnarlaga frå i fjor, Biocaching, har brukt det siste året på å kode og jobbe med forretningsmodell. Så det tar tid, seier han.

Under #hack4no vann Savemyreindeer, Skjult og Askeladden mellom anna ein oppfølgingspakke i samarbeid med norske teknologi- og konsulentselskap, medan Farlig godt fekk med seg eit gåvekort på 5.000 kroner. (©NPK)

LES OGSÅ: Helsestasjon lanserer sex-app for unge