Sjokksiger: Donald Trump blir president

Republikanarane ser også ut til å vinna Kongressen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grytidleg norsk tid, blei det kjent at Donald Trump har vunne viktige vippestatar som Florida og Ohio. Klokka halv åtte blei det kjent at han òg hadde vunne Pennsylvania, noko som sikra han meir enn 270 av valmannsstemmene.

Det betyr at Donald Trump vinn valet.

Republikanarane ligg også an til å vinna Representantanes Hus og Senatet. Det gjer at det blir lettare for Trump å gjennomføra politikken sin.

Spår nedgang i økonomien
Børsane i verda stuper etter nyhendet om at Trump vinn, ifølgje DN.

Paul Krugman, nobelprisvinnar i økonomi og spaltist for New York Times, skriv at valresultatet truleg vil føra til ein økonomisk nedtur verda over – utan nokon ende i sikte.

– Når det gjeld økonomi, som med alt anna, har noko forferdeleg nettopp skjedd, skriv han.

Sterke reaksjonar
I sosiale medium er det fleire norske politikarar som er svært skuffa over valresultatet:

 

Framtida.no kjem tilbake med meir.