Vestlandsjenter til topps i MGPjr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var heilt fantastisk!, stråla dei to jentene like etter finalen i Oslo Spektrum.

Av 1.312 bidrag var Vilde og Anna frå Eid i Nordfjord blant dei ti finalistane som fekk stå på scena i Oslo Spektrum under finalen. Dei to jentene hadde ikkje førebudd seg så mykje på å vinne heile MGP junior, men at det var ei uforgløymeleg og kjekk oppleving var det ingen tvil om.

– Vi hadde tenkt at vi kunne vinne, men vi hadde ikkje tenkt at det skulle skje, fortalde Anna etter finalen.

Ein hyllest til Vestlandet
Teksten til «Vestlandet» blei skriven på veg over Strynefjellet, og er ei hylling av landsdelen og staden, Nordfjordeid, der dei to jentene kjem frå. Ordføraren i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V) var sjølv til stades i Oslo Spektrum og var vitne til at Vilde og Anna gjekk heilt til topps i den spanande finalen. Han trur at «Vestlandet» røyrer ved fleire enn berre dei som kjem frå sjølve landsdelen.

– Songen har nok treft folk over heile Vestlandet, men også mange fleire, sa han etter sigeren. – Songen er så lett å hugse, og er ein song som vil bli ståande, sa han til Nynorsk pressekontor.

Melodi Grand Prix Junior 2016 fekk inn nesten 600 fleire songbidrag enn året før, og dei 7400 billettane til finalen i Oslo Spektrum blei ifølgje NRK utselde på 30 sekund.

Tidlegare vinnarar av MGP junior er til dømes Marcus og Martinius, Sval Rosenløw Eeg og Agnete Johnsen. (©NPK)

Glad i musikk? Les meir om Kent og Metallica