Debuterer med jærkrim på eige forlag

Då NHH-student Ivar Aase byrja å skrive bok vurderte han aldri å sende den til eit stort forlag. I staden starta han forlag med studiekamerat Jan Inge Wiig.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Studvest.

Den ferske krimforfattaren Ivar Aase og forlagspartnar Jan Inge Wiig ser kanskje ut som typiske studentar frå Noregs Handelshøgskule (NHH), men sjølv meiner dei at dei ikkje er heilt medstraums.

– Me er vel gjerne ikkje heilt A4, trass i at eg har på meg poloskjorte. Det er ingen av oss som er veldig finansfolk, for å sei det sånn, seier Aase.

– Me får spørsmål om kvifor me går på NHH. Veldig mange spør om det. Tidligare har eg sagt at det er for å ha ein siviløkonomiutdanning i innerlomma, som back up. Men eg har gått litt vekk frå den forklaringa det siste året, for det er ganske nyttig, fortel Wiig.

Forfatter_MC_11-640x426
– Det er ikkje noka tradisjonell detektivhistorie med politi som går med lommelykter og leitar seg fram, seier forfattar Ivar Aase om Jernspøkelset. Foto: Michael Chandra / Studvest

Ikkje vanleg krim
A4 eller ikkje, utdanninga ved NHH har hatt sine nytter. Då Aase starta å skrive bok var dei ikkje i tvil om at dei ville gi den ut sjølv, i staden for å sende boka til eit allereie eksisterande forlag. Det endte med at dei starta forlaget Aase & Wiig.

20. Oktober i år gav dei ut «Jernspøkelset», ei bok dei marknadsfører som «Jærkrim», ei krimforteljing med handling på Jæren. NHH-studiane har òg satt sine spor i romanen.

– I boka er det eit falskt finansselskap som held til på Jæren, og heile boka handlar litt om næringslivet der. Eg trur ikkje eg kunne ha skrive den typen story utan erfaring frå NHH. Det handlar litt om familiebedrifter, og det er snakk om at det er mykje pengar på spel, seier han, og legg til:

– Det er ikkje noka tradisjonell detektivhistorie med politi som går med lommelykter og leitar seg fram.

– Me merkar det med marknadsføringa og økonomien bak prosjektet, og det å forstå bransjen. Der har me mykje kunnskap frå NHH som har vore nyttig, legg Wiig til.

– Jo Nesbø gjekk jo òg på NHH. Blir du samanlikna ein del med han? 

– Eg har fått nokon kommentarar på det, men eg har ikkje blitt samanlikna, heldigvis. Då har eg litt å strekke meg mot, kan du sei, seier Aase.

Foto: Michael Chandra / Studvest
– Eg trur me trykte på send til trykkeriet klokka fem på natta den dagen me hadde deadline. Det var ein lang kveld, seier Jan Inge Wiig. Foto: Michael Chandra / Studvest

Barndomsvener
Aase og Wiig har kjent kvarandre sidan ungdomsskulen. Tidlegare har dei òg jobba saman på fleire filmprosjekt.

– No skiftar me litt bransje. Det er litt fordi film har krevd meir pengar når me har byrja å jobbe med det meir profesjonelt, og det blir vanskelegare å gjennomføre. Men så dukka denne bokidéen opp, og det krevde mindre kapital, og då tenkte me «fuck it, me berre gjer det», fortel Wiig.

Studentane fortel at dei har jobba med boka dei siste to åra, og føler dei har balansert arbeidet med boka og studiane godt.

– Eg har brukt feriar og fritid på dette, men eg har for så vidt ikkje gått NHH på normert tid. Eg er vel eit halvår på overtid, og det er vel du og, seier Aase, og nikkar mot kameraten.

– Me hadde boka som sommarjobb i sommar, så då fekk me gjort veldig mykje. Det var jo ein ikkje-betalt sommarjobb, men det var ein veldig gøy jobb å ha, fortel Wiig.

– Eg trur eigentleg berre at å gjere eit slikt prosjekt styrkar utdanninga. Eg har lyst å skrive om forlagsbransjen på masteroppgåva, og derfor har eg litt meir innsikt i bransjen no enn for to år sidan, legg han til.

Les meir i Studvest!