Regjeringa frigir fleire offentlege data

Fleire opne offentlege data kan gi nye nettenester og fleire arbeidsplassar, håper Jan Tore Sanner. Høgdedata frå Kartverket er først ut.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På det store datatreffet «Hack4no» kunne eg fortelje at staten frigir alle høgdedata som blir samla inn når heile landet no blir laserscanna frå fly. Desse dataa kan brukast til veldig mykje forskjellig. Her det berre fantasien som set grenser, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Høgdedata kan mellom anna brukast til å finne den beste plasseringa av nye mobilmaster og vindmøller, ifølgje pressemeldinga frå departementet.

Tal frå Difi viser at det er registrert 6700 nye datasett på data.norge.no så langt i 2016. Ved årsskiftet var det registrert 1650 datasett. Den store auken skuldast først og fremst at SSB opna Statistikkbanken i mai, men også mellom andre Kulturrådet, Riksantikvaren, Riksarkivet og no sist Kartverket bidrar til auka tilgang til offentlege data. No skal det koma meir, lovar Sanner.

– Vi ser at fleire av dei datasetta som er slept frie allereie har resultert i nye tenester. Døme er opne data frå Statens vegvesen som gjer det mogleg for folk å leige ein privateigd bil i nabolaget. Eller tenesta som brukar opne data frå Legemiddelverket, som hjelper folk med å ta rett medisin til rett tid. Dette viser at vi gjer lurt i å offentleggjere data slik at kreative krefter kan finne lure løysingar, seier Sanner.

Geodata, kulturdata, forskingsdata, transportdata og offentlege utgifter er prioriterte når regjeringa skal gjere fleire offentlege data tilgjengelege, opplyser departementet.