Det er ikkje feminine homofile menn som er problemet. Det er samfunnet.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vetle: – Feminine homofile er ikkje problemet

Teksten sto først på trykk hos Aftenposten SiD

Søndag var den homofile bygdeguten André Bjugstad ute i Aftenposten Si ;D med si historie om korleis han opplevde å kome ut av skapet.

I innlegget sitt snakka han om kor ubehageleg det er å bli satt i bås berre fordi han er homo, og kor mykje han misliker å vera homofil på grunn av stereotypane som er forbunde med det.

Dagen etter var Si ;D-spaltist Jakob Semb Aasmundsen ute med sin svarkronikk.

Der gjekk han med på at feminine homofile er eit «problem», og at ein treng eit større mangfald av skeiv representasjon i media.

Skjøre, maskuline menn
Det er sjølvsagt synd at Bjugstad opplever det å vera homofil som noko negativt, og det er minst like synd at Semb Aasmundsen ser ut til å føle at han må orsake seg på vegner av feminine homofile menn.

Eg vil likevel påstå at det ikkje er dei feminine homofile mennene som er problemet. Langt ifrå.

Det er samfunnet sine normer for maskulinitet og manndom som er problematiske her.

Kvifor er det slik at mange menn, både skeive og streite, er livredde for å bli sett på som feminine? Kvifor blir feminisering sett på som den kanskje aller største forma for fornedring ein mann kan oppleve? Er maskuline menn verkeleg så skjøre?

LES OGSÅ: Homofile treng ikkje «flykte» frå bygda

Nok maskuline og feminine førebilete
Det er sjølvsagt problematisk at ein vert satt i ein stereotyp bås berre fordi ein er homofil, men ved å problematisere og stille spørsmål til dei tronge normene som omringar kjønn og seksualitet, og ikkje minst ved å skape bevisstheit rundt mangfaldet som vert skjult av desse normene – først då kan vi bli kvitt desse stereotypiane.

Når det kjem til mangelen på mangfald blant skeive førebilete, kan eg ikkje påstå at eg heilt kjenner meg igjen i problemskildringa til Semb Aasmundsen og Bjugstad. Sjølvsagt kan det alltids verte betre, men eg vil argumentere for at homofile har greitt med førebilete i Noreg, anten dei er maskuline eller feminine.

Helseminister Bent Høie, tidlegare Raudt-leiar Torstein Dahle og Skam-Eskil er berre nokre eksempel på eit mangfald av homofile førebilete.

Representasjonen av skeive med minoritetsbakgrunn, transpersonar og andre orienteringar enn homo og hetero kan bli mykje betre, men når det kjem til noko så enkelt som maskuline og feminine homofile, vil eg påstå at vi har greitt med førebilete.

Viss ein mann med knekk i handleddet gjer deg ukomfortabel, er du faktisk ein del av problemet.

Så i staden for å sette maskuline og feminine skeive menn opp mot kvarandre, bør du gå ut og kritisere dei tronge og skadelege normene i samfunnet og prøve å skape eit samfunn for alle.

Vetle Mikkelsen vann Framtida.no sin skrivekonkurranse i 2015 med dette innlegget:  Grøn industri – orda som smakar fridom