Svinaktig opplagt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre dagar sidan snakka heile Norges Sylvi Listhaug om kva som skal til for å integrere folk i det norske arbeidslivet. Mellom anna blei ho sitert på dette: «Her i Norge spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt.»

Og mange har gjort jobben sin og reagert som ein skal. Mange av oss som skriv i avisa, for eksempel, rykte umiddelbart ut og gjorde narr av utsegna til Listhaug. Og det er bra. Når nokon seier noko som er veldig lett å gjere narr av, då skal vi som skriv i avisa gjere narr av det. Det er jobben vår. Og då kjenner vi oss både tøffe og morsomme. Og det liker vi. Å gjere narr av noko som er vanskelig å gjere narr av, er mykje vanskeligare. Så det unngår vi som regel.

Vi som skriv i avisa har også vore flinke til å løfte fram nokre kommentarar frå nettet, der folk skriv sjølvsagte ting som at det faktisk finst nordmenn som ikkje drikk alkohol og et svin, men som likevel er nordmenn. Det er bra. For vi som skriv i avisa skal ikkje berre gjere narr av det som er lett å gjere narr av. Vi skal også seie sjølvsagte ting. Vi har ein variert jobb.

Aller mest fornøgde er vi når vi kan seie sjølvsagte ting om folk som er lett å gjere narr av og som garantert ikkje les det vi skriv, for eksempel Donald Trump. Då kan vi både kjenne oss tøffe og morsomme og vere heilt sikre på at vedkommande ikkje svarer. Det er ein klassisk vinn-vinn-vinn-situasjon. Sylvi-saka var berre vinn-vinn, men det er ikkje så verst det heller.

Så det skal ikkje stå på oss. Vi som skriv i avisa har gjort jobben vår her. Som vanlig.

Men kva med alle andre?

Avholdsfolk har også gjort jobben sin, og påpeikt at det finst mange gode grunnar til ikkje å drikke alkohol. Vi visste sjølvsagt at avholdsfolk meinte det, men ein må likevel passe på å minne om det så ofte som mulig.Og sjølvsagt har det vore valforskarar ute og uttrykt bekymring for kva dette kan få å seie for Listhaugs forhold til kristne veljarar og samarbeidet med KrF. Både KrF-arar og andre kristne er ofte skeptiske til alkohol. Det visste vi sjølvsagt også frå før, men likevel då gitt.

Så jadå, mange av oss har gjort jobben vår og sagt opplagte ting og gjort narr av det som er lett å gjere narr av.

Men er det nok? Er dette alt? Kan vi verkelig ikkje klare å få meir ut av ei setning frå Listhaug enn dette?

Kvar er vegetarianarane, for eksempel? Dei sitt kanskje og ler av Listhaug over ein soppburger ein eller annan stad, men det er ikkje nok. Ein må ut. Ein må sjå rett i kamera, riste på rastaflettene og seie med indignert engasjement: Er vi ikkje norske nok, Sylvi? Vil du ikkje ha oss her i landet?

Og kva med folk som rett og slett ikkje liker svin? Kvifor har ikkje dei reagert? Skal det ikkje vere greitt å ikkje like svin? Er ein avvikar då? Er ein mindre verd som menneske og nordmann? Skal vi ikkje få ete det vi vil? Er det ikkje nettopp den fridommen vi har kjempa for i hundrevis av år?

Det finst folk som er allergiske mot kjøt. Kvifor har vi ikkje høyrt meir frå dei? Burde ikkje dei vere rasande? Dei kunne kjent seg tilsidesette, stigmatiserte, krenka. Alt som er bra å vere. Men nei.

Og kva med alle som liker å dekke til ansikta ved festlige anledningar som karneval og halloween? Ingenting. Ikkje eit ord. 
Det er for dårlig. Neste gong må vi skjerpe oss. Neste gong ein politikar seier noko som er lett å gjere narr av og som openbart har til hensikt å provosere alle motstandarar på ein måte som alle tilhengarar liker, då er det viktig at alle motstandarane faktisk lar seg provosere. Skikkelig.

Elles kan det hende at politikarar sluttar å formulere seg slik. Og så må vi kanskje begynne å snakke om ting som er mykje vanskeligare å meine noko om, og mykje vanskeligare å gjere narr av, enn nikab og svin.

Og det, folkens, det er det ingen av oss som vil.


Først publisert i Aftenposten 22. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!