Den andre generasjonen: Ung og frå Kurdistan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ung og frå Kurdistan

På Litteraturhuset i Oslo møter eg Bojan (20) og Rozerin (16). Dei er båe frå Kurdistan, Bojan frå Sør-Kurdistan (Irak) og Rozerin frå Nord-Kurdistan (Tyrkia), men dei har vakse opp i Noreg etter at familiane deira kom her på 1990-talet.

Kurdarane, som opphavleg var eit nomadefolk, blir i dag rekna som verdas største etniske folkegruppe utan nasjonalstat og den fjerde største folkegruppa i Midtausten. Kurdaranes land, Kurdistan, er eit geografisk område som er delt inn i fire delar: Nord-Kurdistan (Tyrkia), Vest-Kurdistan (Syria), Sør-Kurdistan (Irak) og Aust-Kurdistan (Iran). Kurdistan er ikkje anerkjent som ein eigen stat og store deler av den kurdiske folkesetnaden lever i eksil i Europa.

Dei ulike regionane har erfart ulik behandling av den kurdiske minoriteten. I Sør-Kurdistan (Irak) fekk kurdarane stadfesta sjølvstyre i den irakiske grunnlova av 2005. Regionen har i dag autonom status, men ligg framleis under Irak.

Men medan kurdarane i Irak etter kvart har fått større fridom, er det annleis i den kurdiske delen av Tyrkia. Her opplever folk stadig å bli undertrykte og det har vore borgarkrig i dette området mellom dei tyrkiske styresmaktene og det kurdiske arbeidarpartiet PKK i 30 år. PKK har i mange land blitt stempla som ein terroristorganisasjon, grunna fleire terroraksjonar særleg på 90- og tidleg 2000-talet.

Eit lite stykke Kurdistan
Bojan kom til Noreg frå Sør-Kurdistan (Irak) i 1999. Då var ho tre år gamal.

– Pappa overlevde gassangrepet i Halabja i 1988, seier Bojan.

Ho er ikkje redd for å gå rett på sak. Faren hennar var Peshmerga (namnet på dei kurdiske væpna styrkene) og satt som politisk fange under Saddam Hussein.

Bojan legg ikkje skjul på at ho har eit anstrengt forhold til Irak:

– For meg er Irak dei som utrydda familien min. Eg er ikkje frå Irak, eg er frå Kurdistan.

Mora til Bojan er utdanna lærar. Ho vaks opp som eldstemann i ein søskenflokk på sju, og var den som måtte forsørgje familien medan bestefar til Bojan var i felten som soldat.

– Mamma møtte pappa i fengsel der han delte celle med fetteren hennar, fortel Bojan.

Fetteren hadde blitt forrådt av ein kamerat som hadde fortalt styresmaktene at han var kurdisk nasjonalforkjempar. Bojans mor hadde først trudd at det var Bojans far som var denne kameraten. Det første møtet mellom dei i fengselet var difor alt anna enn hjarteleg.

 Mamma var nok litt stor i kjeften. Det passa seg jo eigentleg ikkje for ei dame, men ho brydde seg ikkje om kva andre meinte.

Og bra var det. Bojans far var imponert. Dei neste fire åra var paret frå kvarandre medan han satt i fengsel, men så fort han var ute, var det første han gjorde å dra til Bojans bestefar for å be om moras hand. Dei gifta seg kort tid etter.

Bojan og familien såg ikkje mykje til faren dei første åra. Faren reiste som kvoteflyktning til Hellas for å søkje asyl for heile familien. Etter nokre år i Syria og eitt år i Tyrkia, kom familien til Noreg i starten av 1999. I dag bur dei i Drammen.

LES OGSÅ: – Eg kom til Noreg, her er eg i gode hender. Tusen takk!

Frå landsbyliv til Oslos austkant
Rozerin har ei litt anna historie. Ho er fødd i Noreg, men foreldra kjem frå ein liten landsby i Nord-Kurdistan (Tyrkia). Oldefaren til Rozerin var den første i familien som kom til Noreg og resten av familien følgde dei neste åra. Mora til Rozerin kom i 1991.

Kvifor reiste familien din frå Kurdistan?

– Mest av økonomiske grunnar, seier Rozerin. Dei hadde høyrt at det var betre moglegheiter her, at Noreg trengte arbeidskraft, og håpet var å kunne bygge eit betre liv.

Til hausten startar Rozerin i 2. klasse på Hartvig Nissen der ho går musikk, dans og drama.

– Eg var ganske skulelei når eg var ferdig med 10. klasse, så det var viktig for meg å prøve noko litt anna. Det er uvant å ha teater som ein så stor del av skulekvardagen, men det gjev meg også andre fordelar. På teaterscena blir eg utfordra. Ein må utfordre seg sjølv og tore både vise og skjule kjensler, seier Rozerin og understrekar at sjølv om ho elskar teaterscena, så er det juss som er det store målet og draumen er å bli advokat.

Familien til Rozerin reiser til Kurdistan annakvart år og er der då i to månader. Desse månadane får Rozerin kjenne på ein noko anna livsstil enn den ho er vant med i Noreg. Ho smilar når ho skildrar landsbyen.

– Livet der er heilt annleis enn i Noreg. Det kjenst som å koma heim, og heile landsbyen er ein stor familie.

Landsbylivet i dette området av Kurdistan er hardt. Dei fleste lever som småbønder med ein liten åker og nokre hestar, kyr og geiter. Av mjølka dei får av dyra lagar dei ost som dei reiser inn til den nærmaste byen for å selje. Elles går det meste til sjølvforsyning.

Same kultur, mangfaldig livssyn
Kurdarane deler i utgangspunktet same kultur og språk, men dei som snakka kurdisk eller praktiserte kurdisk kultur, blei mange stader utstøtt. Dei fleste kurdarar i dag er difor tospråklege og har måtta lære seg tyrkisk, persisk eller arabisk i tillegg til kurdisk. Mange har kun lært kurdisk munnleg, og manglar difor kunnskap om grammatikk og eit ordentleg ordforråd. Dette har gjort at det kurdiske språket har utvikla seg ulikt, då ein har erstatta kurdiske ord ein ikkje kan med ord frå dei tre andre språka.

Foreldra til Bojan og Rozerin opplevde dagleg at kulturen deira blei trakka på.

– Foreldra mine blei straffa av lærarane om dei snakka kurdisk i skulegarden, seier Rozerin. Bojan nikkar og legg til:

– Dette var jo ein av grunnane til at far min blei fengsla under Saddam Hussein. Han snakka opent kurdisk og praktiserte kurdisk kultur, og han nekta å konvertere til Islam.

Sjølv om mange kurdarar i dag er muslimar finst det ei rekke ulike religionar blant kurdarane. Kurdarane er opne for dei fleste religionar og livssyn, meiner Bojan og Rozerin. Likevel understrekar dei at religion ikkje er det viktigaste.

– Foreldra mine plar seia at det ikkje er rom for religion i livet vårt no. Dei meiner vi først må bli anerkjente som menneske og som folk, så kan vi kanskje tenke på religion, seier Rozerin som sjølv er ateist. Det viktigaste for ho er å ha ein grunnverdi som heile familien kan stå inne for:

– Du kan gjere som du vil, så lenge du ikkje skadar nokon. Ein må ta vare på menneska rundt seg. Det er det viktigaste.

Bojan nikkar, men ho har ein litt annan bakgrunn. Ho har vakse opp i ein familie der mor er muslim og far er kommunist. Familien er ikkje veldig religiøs og dei praktiserer ikkje religion i heimen, anna enn éin:

– Pappa seier alltid at «Kurdistan er religionen min», seier Bojan.

LES OGSÅ: Møt Prjin (16), som snakkar IS rett imot

Frå sjølvstende til okkupasjon
Lenge låg størsteparten av det kurdiske området under det osmanske riket, men då sistnemnte gjekk i oppløysing etter den første verdskrigen, blei kurdarane lova ein endeleg nasjonalstat av krigens vinnarar. Dei nye grensene blei definerte i Sèvres-traktaten frå 1920, men Tyrkia var ikkje nøgd med dei nyoppteikna tyrkiske grensene og starta difor ein offensiv for å sikra eit større tyrkisk territorium. Tre år seinare førte dette til Lausanne-traktaten. Denne oppheva fredsavtalen frå Sèvres, og også lovnadane om ein sjølvstyrt kurdisk stat. Kurdarane har sidan kjempa for å oppnå sjølvstende for området dei blei lova i 1920.

De snakkar ofte om at Kurdistan er okkupert, men nokre ville vel hevda at sidan landet jo aldri har vore anerkjent, så er det heller ikkje okkupert?

– Så klart det er okkupert, svarar Bojan kjapt og utdjupar:

– Kurdistan er kanskje ikkje ein anerkjent politisk formasjon, men det er jo eit land. Dette ser ein jo også om ein ser på korleis dei ulike statane omtalar området. Når, for eksempel, Iran omtalar dei kurdiske områda så seier dei aldri «Søraust-Iran», dei seier Kurdistan. Det same gjer dei i Irak. Til tross for undertrykking, så omtalar dei Kurdistan som Kurdistan. For meg blir det heilt feil at folk ikkje seier Kurdistan er eit land, for det er jo landet mitt, og det er landet hennar, seier Bojan og visar til Rozerin.

For Bojan er det få ting som sårar meir enn når folk fortel ho at landet hennar ikkje eksisterer og den største frustrasjonen er at det framleis er så mange som ikkje veit kva som skjer i Kurdistan.

– Eg kjem jo frå eit land, det er bare ikkje anerkjent. Dagleg døyr kurdarar i heile regionen fordi dei kjempar for landet sitt. Det er jo så mange kurdarar i Noreg, Skandinavia og Europa, så kvifor veit ikkje folk om kva som skjer i heimlandet vårt? Og når mine eigne vener ikkje veit kvar Kurdistan er, kva då med ein framand, spør Bojan.

No er det Rozerin som bit på. Ho lenar seg engasjert fram på stolen og gestikulerer mot Bojan og meg:

– Det som er det største problemet med at folk ikkje veit om situasjonen i Kurdistan, er at det ikkje bare handlar om kurdarar, ei heller om eit folk som ikkje blir sett eller respektert. Det det handlar om er grunnleggjande menneskerettar og kva slags verdiar Vesten. Dei som ser det som skjer, men som ikkje tar det inn over seg og gjer noko med det, dei stør indirekte dei urettane som går føre seg der. Dette handlar om menneske generelt og kva vi står for. Vesten har ein stor finger med i spelet, og det er vestlege borgarar, nordmenn, som kan endre det som skjer.

– Ingen er fri før vi alle er frie, avsluttar Rozerin og siterer med dette Martin Luther King Jr., tidlegare borgarrettsaktivist i USA og vinnar av Nobels fredspris.

LES OGSÅ: Halat (20) fortel om å vera barn på asylmottak

Framtid for Kurdistan
Sett at tre av fire delar av det som i dag utgjer Kurdistan blir anerkjent som staten Kurdistan, ville ikkje kurdarane vore nøgde med det?

– Det er nok litt ulike meiningar om dette, også blant kurdarar, men for meg består Kurdistan av fire delar og det vil ikkje vere komplett før alle delane er sjølvstendige og ein del av den anerkjente staten Kurdistan. Eg trur kurdarane vil kjempe til det siste for å få eit komplett Kurdistan, seier Bojan.

Eg har inntrykk av at kurdisk ungdom kan vere ganske politisk medvitne. Har de gjort dykk nokre tankar om korleis eit fritt Kurdistan vil sjå ut?

– Vi treng eit system som gjer at alle blir høyrt, startar Bojan og Rozerin følgjer opp:

– I den kurdiske kulturorganisasjonen eg er med i snakkar vi ofte om «demokratisk konføderalisme».

Demokratisk konføderalisme blei utforma av den kurdiske leiaren Abdullah Öcalan. Kort forklart er målet å få til eit demokrati utan ein stat, basert på folkeleg konsensus (einigheit) og ikkje politisk makt. Det er derimot folket som skal avgjera kva dei ønskjer, og nokre få leiarar som skal utføre desse ønskja. Sjølve konstruksjonen kan minne litt om det ein ser i USA, med fleire mindre autonome regioner leia av éin president, men demokratisk konføderalisme skal vere eit nøytralt alternativ til nasjonalstaten. For å best inkludere mangfaldet som finst i Midtausten, skal korkje etnisitet eller religion vere ein del av statens forfatning, men ein skal derimot vektlegge feminisme og økologi.

Demokratisk konføderalisme blir prøvd ut i praksis i Rojava, som er den kurdisk-dominerte delen av Syria som lausreiv seg i 2013. (Les meir om Rojava hos Store Norske Leksikon.)

– Det er ei ekstremt stor utfordring å finne ut kva styreform som vil vere best for eit fritt Kurdistan, men eg har tru på at kurdarar har gått gjennom så mykje at om vi bare klarar å lausrive oss, så vil vi også kunne bli einige om korleis landet best skal styrast, seier Rozerin.

Sjølv om mange kurdarar framleis lev i dei kurdiske områda er det også mange som har emigrert til Europa. Eit nytt Kurdistan er avhengig av at nokre av dei vender tilbake til Kurdistan. Den nye staten vil trenge ein større arbeidsstyrke og ressurssterke unge menneske som kan vere med og etablere ein ny styrestruktur.

Samhaldig mangfald
På Litteraturhuset er både tekoppane og vassglasa tomme og Bojan og Rozerin utvekslar kontaktinformasjon og snakkar om felles kjente. Dei minner meg på noko Bojan sa første gong vi møtte kvarandre og som ho også gjentok denne gongen: Det er ikkje så stor forskjell på den kurdiske kulturen i dei ulike delane av Kurdistan, sjølv om områda har vore okkuperte av ulike land. Språket har kanskje utvikla seg i litt ulike retningar, og ein har tatt til seg litt ulike kulturtrekk, men grunnverdiane er dei same. I følgje Rozerin er det helst det beste i den kurdiske kulturen som lev vidare, for, som ho seier:

– Kultur er alltid i utvikling. Den kan tilpasse seg kvar enkelt. Mine foreldre har sin kultur og eg har valt ut gullkorn frå denne kulturen som eg synst er bra og ønskjer ta med meg vidare. Slik trur eg det er for alle. Når ein person blir til så er det to nye augo som oppfattar sin kultur på sin eigen måte og eg trur ikkje folk kan kontrollere det, for det er individuelt. Kultur er personleg, seier Rozerin.

Om de bare skulle nemne éin ting de kunne ønskje alle visste om Kurdistan, kva ville det vore?

– Vi er fargerike – som i at vi har eit stort mangfald, seier Bojan og held fram:

– Vi er kanskje ein av dei få folkeslaga i verda som er så skilt som det vi er, men samstundes så foreina. Vi har så mange ulike religionar og livssyn blant oss og vi har alle sterke meiningar. Eg trur ein kvar kurdar du møter vil ha ei meining om eit eller anna. Dette er nok av di vi har vore undertrykte så lenge, og det heng igjen i personlegdomen vår. Vi bryr oss om verda og vi har ropt så lenge utan at nokon har høyrt oss, og vi roper kvar dag no utan at nokon høyrer. Vi er stolte av dei vi er og den samla kulturen vi har. Vi har ikkje hatt tid til å sørgje av di vi kvar dag fortset kampen for sjølvstende. Det ser ein jo også på PKK og Peshmerga, dei dansar i krig. Krig er alt vi kjenner og alt vi alltid har hatt. Så vi har utvikla ein kvardag der krigen ikkje når oss.

Rozerin blir tankefull etter det Bojan har sagt. Bojan ler, ser nervøst bort på meg og seier:

– Oi, det var visst meir enn éin ting.

Eg forsikrar ho om at det går bra og vender meg mot Rozerin som verkar klar for å svare på spørsmålet.

– Om eg skulle sagt éin ting som eg føler alle burde vite om Kurdistan, den kurdiske saken og det kurdiske folket, så er det at vi er eit ekstremt sterkt folk som har levd gjennom undertrykking og rasisme, urettferdigheit og brot på menneskerettar. Vi er eit folk som opplever folkemord kvar einaste dag, som opplever truslar og terror, men vi fortset og kjempa. Og vi er sterke. Vi kjempar ikkje bare for rettferd for oss, men for alle. Vi stør også andre minoritetar som kjempar for det same. Kurdarar kjempar ikkje bare for éin sak, men ein hardnakka kamp for heile verda. Eg er ganske sikker på at kurdarane ikkje kjem til å gje seg med det sjølv etter at Kurdistan har blitt fritt. Uansett kva politisk ståstad du har eller religion du høyrer til, så har du ei stemme og du har ein rett til å bli tatt vare på. Det er det vi arbeider for.

– Vi er eit «samhaldig mangfald», legg Bojan til.

Etter sjølvstende kjem stabilitet?
Tyrkia er nok den største sperra for å oppnå sjølvstende, men om den kurdiske regionen her klarar riva seg laus, vil truleg dei andre tre følgja tett etter. Posisjonert midt mellom fire statar der krig stort sett har vore kvardagen så lenge folk kan minnast, ønskjer kurdarar flest å opprette ein stat som omfamnar mangfaldet i regionen.

Kanskje kan eit fritt Kurdistan vere eit føredøme for andre statar i Midtausten og på sikt bidra til stabilitet i Midtausten?

Faktaboks

Ord og omgrep:

PKKPartiya Karkerên Kurdistanê, Kurdistan Arbeidarparti, militant venstreorientert organisasjon som i hovudsak held til i Irak og Tyrkia.


Peshmerga – Namnet på kurdiske væpna styrker. Kan direkte omsetjast til «ein som er framfor døden».


Demokratisk konføderalisme – Ideologi formulert av den kurdiske leiaren Abdullah Öcalan der målet er eit politisk system basert på eit demokrati utan ein stat der folkets meining og ikkje makt er den avgjerande faktoren.

Dei fire kurdiske regionane:

Bakûr– Nord-Kurdistan, ligg i Tyrkia

Basûr– Sør-Kurdistan, ligg i Irak

Rojhelat– Aust-Kurdistan, ligg i Iran

Rojava– Vest-Kurdistan, ligg i Syria