Bob Dylan fekk sitt gjennombrot med songar om krig og rettar, og han held fram å utfordre.

NPK-NTB
NPK-NTB

Torsdag blei 75-åringen løna med Nobelprisen i litteratur.

Dylan slutta på skulen og flytta til New York i 1960. Allereie året etter skreiv han under på ein platekontrakt med Columbia Records, og mange kjende låtar som «Blowin' in the Wind» blei skrivne på denne tida.

Med «The Freewheelin' Bob Dylan» (1963) og særleg «The Times They Are A-Changin'» blei Dylan raskt ei stemme for generasjonen av studentar og andre som demonstrerte mot Vietnamkrigen og urettferda i samfunnet – ei rolle han sjølv raskt blei ukomfortabel med.

– Eg vil ikkje skrive for folk lenger. Eg vil ikkje vere ein talsmann. Frå no av skal eg skrive frå innsida. Eg er ikkje del av noka rørsle eller organisasjon, sa han i 1964.

Oppgjer
I tida som kom skulle Dylan støyte frå seg fleire i den opphavlege tilhengarskaren – først ved å ta eit oppgjer med bodskapen som hadde gjort han berømt, for så å gjere fleire radikale musikalske stilendringar.

– Dylans brot med politikken og rørsla som inspirerte han først, frigjorde det poetiske og musikalske geniet hans, har musikkjournalist Mike Marqusee sagt til bladet Red Pepper.


Joan Baez saman med Bob Dylan under ein demonstrasjon for fridom og arbeidsplassar i 1963. Foto: Wikipedia

Elektrisk
Då «Bringing It All Back Home» kom i 1965 bytte Dylan kassegitaren ut med elektrisk gitar og band på halve albumet – noko han også gjorde på den følgjande turneen.

– Judas! ropte ein publikummar mot scena under ein konsert i Manchester året etter. Dylan svarte med å kalle publikummaren ein løgnar, før han snudde seg og bad bandet spele «Like a Rolling Stone» ekstra høgt.

Albumet selde likevel godt, og blei nummer seks på Billboard-lista. I tiåra som følgde fortsette Dylan med stadig nyskaping – tilsynelatande utan å la seg affisere av til tider blanda mottaking frå tilhengarar og kritikarar.

LES OGSÅ: Noreg har niande flest nobelprisar


Bob Dylan og The Band i 1974. Foto: Jim Summaria/Wikipedia/CC-BY-SA-3.0-lisens

Endelaus turné
Sidan 1988 turnerte Dylan meir eller mindre utan stans, i det fansen har døypt «The Never Ending Tour». Saman med bandet brukte han mange konsertar til å utforske gamle songar på nytt, gjerne med nye melodiar eller arrangement.

Han har halde fram å produsere ny musikk også, og valde etter kvart å sette av meir tid på konsertane til nytt materiale. Så langt er det kome 36 studioalbum frå artisten – det siste, «Shadows in the Night», blei utgitt i 2015.

Kombinasjonen av ei etter kvart sviktande stemme og til tider sært utval av låtar har gitt han eit blanda rykte som liveartist. Då Dylan kom til Norge i 2009, åtvara musikkjournalist Morten Ståle Nilsen med at ikkje kven som helst kunne få utbytte av å høyre på.

Men ei heil verda har høyrt på han, heilt frå 1960-talet og fram til i dag, og no blir han takka for musikken og tekstane sine med nobelprisen i litteratur. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om Nobelprisen i litteratur?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE