Åsmund vann NM i saueklipping

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konkurransen gjekk av stabelen i Ringebu i Gudbrandsdalen og målet var å klippe sau fort og presist, samtidig som sauen ikkje vart skadd under klippinga.

Kringeland har vore i finalen i NM dei siste fem åra, men dette var første gong han vann konkurransen.

– Eg har jobba bevisst med å bli betre teknisk, og bli betre med utstyret eg brukar, så eg trur det kan ha gjort utslaget, seier Kringeland til avisa Nationen.

Han er profesjonell saueklippar, og jobbar til dagleg på slakteriet Fatland Ølen i Rogaland.

No blir Åsmund Kringeland Noregs representant når VM i saueklipping vert arrangert i byen Invercargill på sørkysten i New Zealand 9.– 11. februar neste år. (©NPK)