Legg for all del band på deg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg lar meg stadig forundre over kva som tydeligvis kjem fram når folk får seie akkurat det dei vil, utan at nokon stoppar dei, i lukka forum på nettet, der ein ikkje må legge band på seg, der ein kan vere seg sjølv og ha den humoren ein vil.

Så eg bestemte meg for å prøve sjølv. Kanskje er det også noko i meg som aldri får sleppe til, fordi  eg er så opptatt av å vere korrekt og flink og smart, ein sånn fyr som ein skal vere når ein er ein vaksen mann i eit moderne samfunn. Viss eg verkelig ikkje legg band på meg, viss eg verkelig ikkje tenker på kva folk synest, kva skjer då?

Så eg tok dei banda eg vanligvis har liggande på meg og la dei i ein kommode. Eg skrudde av tankane. Gjekk aktivt inn for å ikkje tenke på kva andre meiner. Eg stengde verden ute. Låste døra. Trekte for gardinene. Lukka alle vindauge. Nei, ikkje alle. Det er overraskande varmt til å vere oktober. Men nesten alle vindauga lukka eg.

Og så satt eg der. Og venta. La det komme, tenkte eg. La alt komme. Alt det som eg aldri kan seie høgt, alt det som eg aldri kan skrive. Viss eg berre slappar heilt av no, og berre er meg sjølv, kva kjem då?

Ingenting. Det var heilt tomt.

Så eg lukka resten av vindauga. Eg tok meg tre øl. Som ein gjer. Det er ofte då det kjem.

Så sette eg meg ned igjen og kjende etter. Kva er det eg verkelig har lyst til å seie, som eg verkelig ikkje kan seie?

Og så kom det. Når eg ser på samfunnet rundt meg, på folka, når eg les nyheiter, når eg følgjer debattar, då tenker eg ofte:

Eg veit ikkje.

Eller: Eg meiner ikkje noko om dette. Det går sikkert greitt. Det er ikkje så nøye. Det går seg til. Det gjer oftast det.

Og det kan eg jo ikkje seie høgt. Eg er jo ein vaksen mann i eit levande demokrati. Eg er oppdatert. Engasjert. Utdanna. Eg skriv i avisa. Eg kjem frå bygde-Norge. Eg skal meine noko. Eg skal meine mykje. Eg skal vere bekymra for nynorskens framtid. Eller kommunesamanslåingar. Eller eg skal seie noko vittig om klima og samarbeidsklima etter budsjettforslaget, som om eg var den første i verden som kom på at ordet klima kan bety fleire ting. Eg skal stå breibeint i t-skjorte og meine at facebook er ein trussel mot ytringsfridommen. Eg skal tenke skarpe tankar om tema i tida. Og skrive dei ned. Siv Jensen har fått mørkare stemme igjen, skal eg skrive. Erna Solberg kunne kanskje nøydd seg med å vere middels begeistra på den boksekampen. Kaci Kullmann Five verka veldig nervøs på fredag, og kven var han fyren som stod og flakka med blikket i bakgrunnen? Det er utrulig kva som kan passere som satire viss ein berre formulerer det rett. Eg skal meine noko om det ein meiner noko om. Eg skal vere for eller mot å skrive romanar om ting som har skjedd. Eg skal kjenne på korleis det er å vere mann i eit samfunn som vårt.

Men nei. Ofte meiner eg ingenting. Ofte tenker eg at dette får dei finne ut av. Av og til meiner eg mykje. Av og til meiner eg til og med mykje om lite. Men minst like ofte: Nada. Null.

Og det er jo ikkje greitt. Ikkje i det heile tatt. Dette er noko dagens samfunn ser ned på, rett og slett. Når ein har utdanning og skriv i avisa og greier, då er det ikkje akseptert å gong etter gong sette seg ned ved kafebordet eller tastaturet og seie: Same for meg. Det går seg nok til, skal du sjå.

Så eg skal starte ei lukka facebook-gruppe for alle sånne som meg, alle som kjenner at det blir masete å meine noko heile tida. Der kan vi blåse ut. Utan hemningar. Seie kor lite vi meiner. Og så kan alle dei andre berre ha det så godt.

Men det kjem til å gå gale. Nokon i gruppa kjem til å bli sinte på alle som meiner alt mulig heile tida. Og så begynner folk å hisse kvarandre opp. Og så er det nokon som tek seg eit par øl. Og så kjem pedofilivitsane.

Nei, det er nok best å halde fram med å legge band på seg.


Først publisert i Aftenposten 8. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!