– Hei, eg ringer frå framtida

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, det stemmer, frå framtida.no.

– Framtida no? Men er ikkje dette notida?

– Hehe. Joda, akkurat no er det notida. Framtida.no er nettavisa for unge.

– Javel. Du har nok rett i at det er ungdommen som er framtida.

– Eh, eg prøver å seie at nettstaden eg skriv for heiter framtida.no. Vi skriv om språk og kultur og forsking for unge, engasjerte lesarar.

– Åja. Så kvifor ringer du meg?

– Ehm, jo, no skal du høyre. Du er jo inne på dette i romanen din, og det eg lurer på er: No som ein kan produsere kunstig sperm på labben. Er det bruk for menn i framtida?

– Om de har bruk for menn i framtida? Det veit eg ærleg talt ikkje? Du kjenner vel redaksjonen betre enn meg?

– No var det ikkje heilt det eg meinte, men ja. Kan du fortelje kort om fortida di, og kva planar du har for framtida?

– Hmm. Eg er ikkje så oppteken av å sjå bakover, eg er mest interessert i tida vi har føre oss. Skal dette intervjuet publiserast på framtida.no?

– Ja, ein gong i framtida. Neste veke, kanskje.

– OK, fyr laus.

– Fint. Korleis vil du beskrive fortida di?

– Som alle andre si fortid. Den ligg bak meg, og godt er det. Det er notida som er viktig. Ein dag om gongen, som dei seier. Det var jo ikkje slik at vi gjekk og funderte så mykje på framtida den gongen, sjølv om vi heilhjarta meinte at det var vi som var den, framtida altså. Vaksne var fortida, og no skulle det bli vår tur. Men slik gjekk det jo ikkje. Framtida vart til notid, og då var vi ikkje framtida lengre.

– Korleis trur du at vala dine i fortida påverkar livet ditt no, og kva verknad får det for framtida di?

– Val får konsekvensar, og sidan tida berre går ein veg, framover, fekk også vala mine konsekvensar, både for dagen i dag, og for i morgon. Men i framtida trur eg at eg vil verte mindre prega av det som skjedde før i tida. Det er notida som får størst påverknad for framtida.

– Lesarane av framtida.no vil gjerne høyre deg fortelje kva som har inspirert deg tidlegare, og kva skriveprosjekt du har planlagt for framtida.

– Eg har alltid skrive om personar som kjenner seg litt utanføre, om unge menneske som ikkje passar heilt inn i tida si. Eg har blitt inspirert av mi eiga historie, og av korleis eg såg føre meg framtida for meg og andre unge. I framtida vil eg fortsette å skildre korleis det som verkar som enkle og ubetydelege val endrar kursen for eit liv, om korleis fortid, notid og framtid heng saman.

– Heilt til slutt, har du ein litterær klassikar du vil anbefale til lesarane av framtida.no, ein klassikar som er relevant i dag, og som vil kunne stå seg i framtida?

– Hmm, det er eit vanskeleg spørsmål. Den neste boka mi trur eg vert ein klassikar, så eg svarar den. Notid heiter boka.

– Takk for ein fin samtale. Då høyrer du frå meg for sitatsjekk før intervjuet publiserast på framtida.no.

– I framtida heiter det, ikkje på.

– Eh, ja, det har du rett i. I framtida, når intervjuet vert publisert på internett.

– OK. Snakkast.

– Takk for praten.