Skuffa over nei til fredsavtale i Colombia

– Det er ungdom som skal byggje landet vidare. No må dei inkluderast aktivt i arbeidet framover, seier Operasjon Dagsverk og SAIH.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skuffa over freds-nei i Colombia

Søndag røysta eit knapt fleirtal av folket i Colombia nei til ein fredsavtale mellom regjeringa og geriljagruppa FARC (Colombias revolusjonære væpna styrkar). Avtalen skulle setja punktum for ein borgarkrig som har vart i 52 år og kosta over 200 000 menneskeliv.

På førehand viste meiningsmålingane eit klart fleirtal for avtalen, og både media og partane sjølve var raskt ute med å erklære at freden no var sikra. Med ei valdeltaking på under 40 prosent vann likevel nei-sida med knapt fleirtal på 50,2 prosent.

Difor måtte også Operasjon Dagsverk (OD) og Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) avlyse markeringa dei hadde planlagt i Oslo sentrum i dag. Dei to organisasjonane samarbeider om årets OD-aksjon til støtte for ungdom i Colombia, og skulle feire fredsavtalen med kaffi og kake til forbipasserande på Karl Johan.

Håpa på ja
– Det er veldig trist. Me hadde håpa på eit ja, og alle samarbeidspartnarane våre i Colombia håpa også på eit ja, seier SAIH-leiar Inga Marie Nymo Riseth til Framtida.no. Dei samarbeider med både elev- og studentorganisasjonar, og ungdom frå organisasjonar for urfolk og afroetterkomarar.

Riseth gjer det klart at avvisinga av fredsavtalen ikkje får konsekvensar for gjennomføringa av prosjektet som skuleungdomar i Noreg skal samla pengar til under Operasjon Dagsverk 3. november.

– Prosjektet handlar om leiartrening og rettigheitsopplæring for ungdom, og det kan me framleis gjere. Det er kanskje vel så viktig no, seier Riseth.

– Ungdom må prioriterast
– Kvifor skal norsk ungdom engasjere seg for det som skjer i Colombia?

– Det er eit spørsmål om solidaritet. Ei rettferdig verd er noko ungdom i heile verda må stå saman om, seier Riseth. Ho peikar i tillegg på at Noreg har bidrege til fredsprosessen i Colombia, og at det difor er viktig at norsk ungdom støttar opp om dette.

Også leiaren for Operasjon Dagsverk, Olav Brekke, er skuffa over resultatet, men understrekar at arbeidet med å skape eit fredelegare Colombia held fram.

– Me meiner at ungdom må prioriterast i arbeidet med å byggje landet vidare. Jobben har så vidt byrja. Dette skal også norsk ungdom over heile landet engasjere seg i i vekene framover, seier Brekke i ei pressemelding.

– Må sjå framover
Mellom dei kontroversielle punkta i fredsavtalen var at FARC skulle få representantar i parlamentet, og at dei skulle få straffefridom. Nei-sida i valkampen har meint at dette er urettferdig, og vist til overgrep som FARC-geriljaen har gjort under borgarkrigen. SAIH-leiaren meiner ein heller burde sjå framover.

– Det har vore ein lang borgarkrig, og alle partar har gjort overgrep. I forhandlingar må ein gi og ta, og det viktige må vere å hindre framtidige overgrep, seier Riseth.

SAIH og OD har no tatt initiativ til ein fredsmarsj for Colombia i Oslo tysdag 11. oktober, og har oppmoda om å halde liknande markeringar andre stader.

Les meir om årets Operasjon Dagsverk-aksjon: OD-dagen vil byggja fred i Colombia