Harselerer med norsk utanrikspolitikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utgangspunktet for stykket «Draum om våren» er det nedkjølte forholdet mellom Noreg og Kina etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010.

– Det er ein harselas med den pinlege norske offentlegheita etter fredsprisutdelinga, seier dramatikaren Trine Falch (bildet) til nettsida for teateret.

Ho har saman med Ingvild Holm regien for framsyninga, som har premiere laurdag 1. oktober. Ideen til stykket fekk dei etter å ha lese ein avisartikkel om at det var utarbeidd eit hemmeleg brev der sentrale folk frå den norske politiske leiinga kom med ei orsaking til Kina for å oppheva handelsblokaden på laks.

I framsyninga reiser ein delegasjon med representantar frå norsk næringsliv og norsk kulturliv til Kina for prøva å blidgjera kinesarane. I tillegg til mykje laks – har dei med seg dramatikaren Jon Fosse.

LES OGSÅ: Kina som komedie og tragedie

Frå æresbustaden Grotten. Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg / Det Norske Teatret

Spelar på suksessframsyning
Tittelen på framsyning spelar på det mest kjende teaterstykket til Fosse, Draum om hausten, som er spelt over heile verda. Snart får også publikum på Det Norske Teatret sjå denne framsyninga. Om eit par veker blir nemleg Draum om hausten sett opp på hovudscena på Det Norske Teatret for første gong.

Men først er det altså tid for Draum om våren. Den omskrivne tittelen heng saman med det som skjer på laksetoget til Beijing.

– Ein PR-mann som er med på turen har lese stykket og meiner Fosse bør endra litt på kronologien. Politikarane synest på si side det er litt dystert at handlinga går føre seg om hausten og spør om forfattaren ikkje kan skriva litt om, fortel informasjonssjef Ida Michaelsen ved Det Norske Teatret.

Jon Fosse er ein sentral figur i teaterframsyninga om det norske laksetoget til Kina. På turen prøver representar frå norske styresmakter å overtala han til å endra på framsyninga «Draum om hausten». (Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg / Det Norske Teatret

– Humor med undertone
Ho meiner stykket byr på mykje god underhaldning samtidig som det har ein alvorleg undertone.

– Alle blir gjort litt narr av, men bak latteren ligg det ein kritikk av både norsk storpolitikk og norsk kulturpolitikk. Den som kjem best ut er Jon Fosse. Han nektar å gje etter og blir stengd inne i frysevogna på ubestemt tid, røper ho.

I teaterframsyninga om laksetoget til Beijing har representantane for norsk næringsliv og norske styresmakter med seg ei frysevogn med laks i håp om å blidgjera kinesarane. Illustrasjon: Kristoffer Kjølberg

Teikneserieteater
I oppsetjinga går dei to regissørane nye vegar. Dei har hyrt inn teiknaren Kristoffer Kjølberg til å teikna heile framsyninga.

– Ved sida av teikningane står fire skodespelarar og kommenterer, fortel Michalsen.

Det er første gongen Det Norske Teatret set opp ei teikneframsyning, og informasjonssjefen meiner publikum kan gle seg.

– Det vesle eg har sett er ustyrleg morosamt. Eg trur alle som likar Jon Fosse vil få seg ein god latter. (©NPK)

LES OGSÅ: Under beltestaden på kinesarane

JON FOSSE LES PÅ FRAMTIDA.no:

► Torsdag 6. oktober strøymer Framtida.no Jon Fosse som les frå Forvandlinga live klokka 12.
► Fosse har for fyrste gong omsett Franz Kafka sin klassikar til nynorsk på forlaget Skald. Opplesinga er Fosse si fyrste på mange år.
► Livesendinga på Facebook fortset frå Stord og deretter frå Jostedalen, med lesing frå resten av forteljinga.