Foreslår sju kommunar i Møre og Romsdal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal anbefaler at talet på kommunar i fylket skal reduserast frå 36 til 7. I første omgang vert det tilrådd å redusere talet til 16.

– Halvparten av kommunane våre har mindre enn 5.000 innbyggjarar. Dei fleste har behov for interkommunalt samarbeid, påpeikte fylkesmann Lodve Solholm då han måndag la fram rådet sitt om korleis kommunestrukturen skal sjå ut framover.

Slik kan kommunekartet sjå ut i framtida, ifølgje Fylkesmannen.

Fylkesmannen anbefaler at Ålesund, Skodje, Sula, Giske, Haram og Sandøy slår seg saman til éin kommune. Vidare vert det foreslått at Molde, Fræna, Aukra, Misund, Vestnes, Rauma, Eide, Nesset og Gjemnes (utan Bergsøya) slår seg saman.

Den tredje kommunen bør bestå av Kristiansund, Averøy, Tingvoll og ein del av Gjemnes (Bergsøya), meiner Fylkesmannen. Den fjerde vert foreslått å innehalde Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven. Vidare vert det gjort framlegg om at Ørsta, Volda og Hornindal blir éin kommune.

Fylkesmannen vil også slå saman Ulstein og Hareid, Fræna og Eide og Sykkylven og Stranda.

– Sju kommunar er det vi meiner samsvarer med måla i kommunereforma. Sju kommunar vil stå seg over tid, sa Solholm. (©NPK)

Sjå video frå pressekonferansen under: