Datamaskiner i klasserommet hindrar skuleelevar i å ta ut det faglege potensialet sitt, meiner forskarar.

Kjetil Østrem
Kjetil Østrem

Artikkelen stod fyrst på trykk i Sunnhordland.

– Eg såg på «Narcos» sesong 2 på Netflix i norsktimen i dag. Men det var belønning, etter å ha gjort ferdig diktanalysen, seier Christer Beyer Risheim (18) til Sunnhordland.

– Skremmande
Eit stort og banebrytande forskingsprosjekt i regi av Høgskolen Stord/Haugesund (HSH), der 3.400 skuleelevar i Norge, Sverige og Finland har delteke, avslører at IKT i undervisninga er eit svært forstyrrande element for elevane – både på ungdomsskule- og vidaregåande nivå.

– Me er overraska over å sjå kor store konsentrasjonsutfordringar det er i klassar som har IKT-teknologi tilgjengeleg, seier doktorgradsstipendiat Thomas Arnesen ved HSH, som er éin av arkitektane bak forskingsprosjektet.

I 2012 fekk Arnesen, og kollegaene Gavriel Salomon og Lars Vavik, ved lærarutdanninga på HSH, full klaff i Forskingsrådet. Dei vart tildelt 10,7 millionar kroner til å finna fram til måtar å hausta fordelane, og minimera ulempene ved bruk av IKT til skuleføremål. Med seg fekk dei eit internasjonalt stjernelag av toppforskarar frå Sverige, Finland, England, Luxembourg og USA.

Ikkje motstandarar
– Me er på ingen måte motstandarar av IKT i skulen, men meiner verktøyet må brukast etter hensikt. Me såg fleire utfordringar, og hadde lyst til å studera dei nærare, seier Arnesen, og kollegaene hans, doktorgradsstipendiat Hege Myklebust og høgskulelektor Michel Cabot.

Då dei grov seg djupare ned i materien fekk dei stadfesta mistankane sine.

– Så mange som 30-35 prosent av elevane opplever at teknologibruken kjem i vegen for måla dei har med utdanninga si. Og me snakkar om både høgt- og lågtpresterande elevar. Dette gjeld elevar som har både ambisjonar, visjonar og idear med skulegangen sin. Straks elevane føler at skulearbeidet blir for lett, for vanskeleg eller for kjedeleg, eller om det blir ein pause i undervisninga, eller dei må venta på hjelp frå ein lærar, så er dei inne på nettet, og inn og ut av Facebook, YouTube, ein tv-serie, eller kva det måtte vera, forklarar Arnesen.

Spel og tv-seriar
Sunnhordland har snakka med eit knippe elevar på Stord vidaregåande skule. Dei meir eller mindre stadfestar funna som Arnesen og forskarkollegaene har gjort.

– Det blir jo fort sånn, at du lett blir distrahert – anten av å gå inn på internett, eller når det vibrerer i telefonen. Då fell du ut, og mistar konsentrasjonen, seier Martine Engelsen Vrålid (17) og Erle Nonås (17).

Christer Beyer Risheim slår fast:

– Sit du bakarst i klasserommet, og kikar på skjermane framføre deg, så sit alle jentene på Nelly.com og leiter etter klede.

Men gutane er ikkje stort annleis.

– Gutane spelar spel, etter ser på tv-seriar, seier han.

– For min del blir det ikkje så mykje tv-seriar. Det blir meir sosiale media, seier Simon Utbjoe.

– Så det er lett å bli distrahert, når de har teknologien tilgjengeleg?

– Ja. Om du kikar opp, og ser at læraren har skrive tusen ord på tavla, så er det lett å falla inn i noko som er litt meir behageleg. Og dersom det er noko du kan, så blir det gjerne slik at nettet blir prioritert, seier Risheim.

Han meiner at det beste for elevane truleg hadde vore om skulen hadde fjerna nettilgangen heilt.

– Men eg håpar jo ikkje det skjer, det må eg få understreka. Det hadde blitt for nazi. Dei har jo til og med nettilgang i fengsel, filosoferer 18-åringen.

Ikkje kontroll
Det at elevane ikkje har meir kontroll enn dei har, er eit funn Thomas Arnesen meiner det er grunn til å ta på alvor.

– Det faglege utbytet av skulegangen er mykje mindre enn det treng vera for dei mest utsette elevane. Men kanskje endå verre er det at dei sit att med den lærdomen at dei ikkje klarar å regulera si eiga åtferd, for å oppnå mål dei set høgt. Den målretta handlekrafta deira kan få ein knekk. Éin ting er at dei held på slik på ungdomsskulen eller på vidaregåande. Men det er ikkje berre å skru av ein knapp, og dermed tek dei uvanen med seg både inn i høgare utdanning og i yrkeslivet. Det er dramatisk, meiner han.

Arnesen meiner skulen må setja inn målretta tiltak på fleire nivå for å koma problemet til livs.

– Elevane bør få hensiktsmessige strategiar, og øving i å bruka desse, for å takla distraksjonane betre. Skulen bør vera tydeleg på at elevane inngår i eit arbeidsfellesskap, der alle må bidra positivt for at flest mogeleg skal få utnytta potensialet sitt. Dei digitale normene ved skulen må ha skikkeleg fotfeste i dette fellesskapet i klasserommet, for å fungera som dei skal. Og ikkje minst, skuleeigarar og lærarar må arbeida saman for å utvikla ein meir einsarta praksis i handhevinga av dei digitale normene, basert på sentrale retningslinjer, men sjølvsagt også tufta på lærarane sine eigne erfaringar og visjonar. Lærarane må tru på at dei saman kan endra situasjonen til det betre, seier Thomas Arnesen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE